Velkommen til fredagswebinar innan rehabilitering

I rekka av fredagswebinar som arrangerast denne hausten av Regional kompetansetjeneste for rehabilitering i Helse Sør-Øst, skal Helse Vest stå som arrangør for tre av webinara. For oss i Helse Vest blir dette ei erstatning for vår årlege forskingskonferanse innan rehabilitering.




​For alle fredagswebinarar arrangert av Helse Sør-Øst denne hausten sjå her 

Helse Vest sine arrangement er lista ut under her.

Om du ikkje fekk med deg webinaret frå fredag 2. oktober har du ein mogleighet til å sjå det her