Rolf Horne har disputert med avhandlinga " Like barn leikar best"

Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest, Det regionale samarbeidsorganet i Helse Vest og Helse Førde gjennom avtalar om finansiering.

​Avhandlinga undersøker habilitering av barn og unge som sosial praktikk i det norske samfunnet historisk og notidig. Habilitering oppstod som pedagogisk praktikk i heim og skule og er i dag transformert til å være eit behandlingstiltak, som i stor grad bestemmast ut frå ein medisinsk diagnose. Habilitering forståast slik som ein del av det medisinske feltet. Det overordna forskingsspørsmål handlar om kva sosiale praktikkar som skapast og setjast i verk i møte mellom foreldre og fagpersonar innan habilitering av hjelpeavhengige barn og unge. Avhandlinga undersøker også kor desse praktikkane kjem frå, og korleis dei strukturerer foreldra sine muligheiter til å få hjelp til barna.

Avhandlinga kan du lese her