Om habilitering

Habilitering kommer frå det latinske "habilis" som betyr komfortabel, passande eller dugeleg og "habere" som betyr å ha eller få. Av dette kan vi forstå habilitering som å sette ein person i stand til å føle seg komfortabel, tilpassa eller dugelig (Lingås, 2005).

Definisjon av habilitering

Den norske offisielle definisjonen av innhaldet i habiliteringsomgrepet er nedfelt i Forskrift om habilitering og rehabilitering,individuell plan og koordinator.

I kapittel 2, § 3 står det: «Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensede, planlagte prosesser med klare mål og virkemidler, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltakelse sosialt og i samfunnet».

Målgrupper for habilitering

Brukarar av habiliteringstenester og tilbod vil være barn og ungdom med medfødt eller tidleg erverva skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Andre brukarar er vaksne personar kor den tidleg erverva skade eller sjukdom, i hovudsak, også medfører kognitiv funksjonsnedsetting. Felles for alle som mottar habiliteringstilbod er at dei treng planlagde, samansette og samordna tenester for å nå sine eigne mål (Normann, Sandvin og Thommesen, 2006).

Habiliteringsprosessen

Habiliteringsomgrepet nyttes gjerne ved omtale av prosessar kor ulike typar tenester og tilbod vert gitt til personar med medfødt eller tidleg erverva sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting. Bruken av omgrepet er særleg kjent frå offentlege instansar som helse- og omsorgstenester, sosialtenester og undervisingssektor.

Kva inneberer definisjon og prosess?

1) Habilitering vil dreie seg om fleire tiltak som inngår i ein planlagt og avgrensa prosess med ei klar målsetting. Noen habiliteringsprosessar vil kunne strekke seg over lang tid for at de skal bidra til å oppnå den eller dei målsettingar som er/var utgangspunkt for prosessen.

2) Habiliteringsprosessar er avhengig av at alle involverte bistandspersonar/aktørar, uavhengig av instans dei representerer, samarbeider for å formidle sine tenester på ein samordna måte.

3) Habiliteringstiltak skal være tilpassa brukaren sine behov og tilrettelagt for hans eller hennar føresetnader og moglegheiter.

4) Habiliteringsprosessar føreset at brukar sjølv er aktivt involvert gjennom å ha innflytelse på og medverking i heile prosessen. Om personen det gjeld, av utviklingsmessige årsakar, ikkje kan delta helt og fullt sjølv, skal hans eller hennes pårørande, verge eller hjelpeverge tas med i planlegging og oppfølging av prosessen.

Habiliteringsomgrepet - andre bruksmåtar

I enkelte kommunar blir habiliteringsomgrepet nytta som del av namn på organisatorisk eining eller funksjon som tilbyr sosial-, helse- og omsorgstenester til barn, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar.

Dei statlege helseføretaka/sjukehusa vil på same måte ha eining(ar) som nytter habiliteringsomgrepet for å omtale funksjonen eller avdelinga(ne) som tilbyr habiliteringstenester til målgruppa. Ved nokre sjukehus blir habiliteringsomgrepet også nytta som (eigen)namn på avdeling; til dømes "Habiliteringstenesta".

Habilitering som verksemdsområde

Fleire sektorar, etatar, einingar, fag og yrkesgrupper vil kunne være involvert i habiliteringsprosessar både i kommunar og sjukehus. Ingen sektor, eining eller yrkesgruppe har monopol på å drive habiliteringsverksemd. Habiliteringstiltak og prosessar skal først og fremst ta utgangspunkt i brukaren sine behov og livssituasjon. Som bidrag til å sikre samordning og oversikt og at tenestene er føreseielege, kan tiltak skrivast ned i brukaren sin Individuelle plan. 

Habilitering som kunnskapsområde

Habiliteringsprosessar blir ofte omtalt som tverrfaglege, og tverrfagleg arbeidsform blir gjerne betrakta som ei føresetnad for å kunne tilby pasient/brukar eit heilskapleg og samordna tilbod. Fagområder som ofte vil være representert i habilitering er ulike helsefag som ergoterapi, fysioterapi, psykologi, sjukepleie og vernepleie samt fag som medisin, pedagogikk og samfunnsfag.

Når representantar frå ulike fagområde gjennomfører og formidlar sine tenester til brukar på ein samordna måte, er målet at eit slikt tilbod skal inkludere noko meir enn summen av det som dei enkelte fagområda vil kunne tilby kvar for seg (fleirfagleg). Habilitering som kunnskapsområde bygger altså på vitskap og empiri frå fleire fagområde.

I tillegg til dei kjernefag som er nemnd her, vil også andre fag kunne være aktuelle. Den einskilde habiliteringsprosess vil avgjere kva aktørar som brukaren treng bistand frå. 

Kor føregår habilitering?

Brukarar som mottar habiliteringstilbod og tiltak vil i all hovudsak få desse tenestene levert i og av sin eigen heimkommune. Det inneberer at brukar vil få habiliteringstenester på dei stader der hun eller han lever livet sitt, som i heimen, i barnehagen, på skulen, på dagsenter, ved ulike fritidstilbod eller andre steder kor brukar oppheld seg. Dei som formidlar habiliteringstenester vil være fagpersonar og andre medarbeidarar frå ulike kommunale etatar og avdelingar. 

Når brukaren sine behov for habiliteringstiltak krev spesialisert kunnskap og erfaring, kan rett instans i kommunen tilvise til spesialisthelsetenesta for bistand. Spesialisthelsetenester i habilitering blir oftast tilbydd gjennom poliklinisk og ambulant verksemd og gjennom tilbod om pasientopplæring.

Ved polikliniske tenester vil pasienten komme til sjukehuset for å få gjennomført nødvendig utgreiing, undersøking og eventuelt anna behandling. Pasienten drar heim same dag når den polikliniske konsultasjonen er over. Gjennom ambulante tenester vil fagperson(ar) frå spesialisthelsetenesta dra til pasienten sin heimkommune og bidra med råd, vegleiing, opplæring mv. til pasient, pårørande/nærpersonar samt til personell frå kommunen i deira lokalmiljø. Ambulant oppfølging frå spesialisthelsetenesta i habiliteringsprosessar vil kunne gå føre seg over ein periode, til dømes inntil prosessen blir avslutta eller inntil personell frå kommunen har fått naudsynt og tilstrekkeleg vegleiing til sjølv å kunne følgje opp tiltaka lokalt.

Henta frå NAKU sine heimesider, forfatta av Edith V. Lunde:


Kjelder:

Lars Gunnar Lingås. Ansvar for likeverd. "Etikk i tverrfaglig arbeid med habilitering og rehabilitering". Gyldendal Norsk Forlag AS 2005

T. Normann, J.T.Sandvin, H. Thommesen. "Om rehabilitering. Mot en helhetlig og felles forståelse?" Kommuneforlaget AS 2003.