Habilitering

Habilitering rettar seg mot barn og vaksne som har medfødte skadar, eller har fått helse- eller funksjonsproblem tidleg i livet.

​​​​​​​​​​​​​​​​​Habilitering er ulike aktivitetar som har til hensikt å byggje opp eller gjenopprette viktige funksjonar slik at pasienten i større grad sjølv kan meistre kvardagen.

Personar med funksjonsnedsetting har ofte behov for tenester frå mange ulike tenesteytarar (behandlarar). Kommunen skal sikre at ein tjenesteytar tar ansvaret for oppfølgjinga og koordineringa av tenestene. Habilitering er summen av tiltaka (tenestene) som må til for at personen og familien skal meistre livssituasjonen sin best mogleg

Kommunen har hovudansvaret for å gi habiliteringstenester til den einsklide personen. Ved behov skal kommunen vise til spesialisthelsetenesta, som har ansvaret for habiliteringstenester som er meir spesialiserte enn det kommunen kan tilby.

Les meir om habilitering

Habiliteringstilbod i Helse Vest

Regionale møteplassar for habilitering og rehabilitering

Habilitering i kommunar

For informasjon om habilitering i din kommune, ta kontakt med kommunen si koordinerande eining (KE) for habilitering og rehabilitering.

Sjå Regional koordinerande eining for oversikt.

Nettverk

Rapportar

E-læringskurs

Sjå kursa frå Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU): "Pasient- og brukerrettighetsloven" og "Helseoppfølging for personer med utviklingshemning".

 Relaterte lenker