Videokonsultasjonar

Informasjon til pasient som skal bruke videokonsultasjon mot Helse Bergen.

​Sikkerheit/personvern

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasientrettigheitslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt eller per telefon. Opplysningar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du som pasient set deg imot dette).

Videokonsultasjonsløysingane, Skype for Business applikasjon eller Skype Web App (dersom du ikkje har Skype for Business applikasjonen) har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilde) blir ikkje lagra verken på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje gje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjonen ansikt til ansikt. Du kan når som helst, og utan å gje nokon grunn, trekkje tilbake  samtykket ditt til å nytte videokonsultasjon. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for det vidare behandlingstilbodet ditt frå nokon instansar i helsevesenet. For å trekkje tilbake  samtykket ditt, kontakt sekretær ved poliklinikken du skal ha videokonsultasjon med, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.

Praktiske instruksjonar

Dette treng du:

  • Eining som PC, telefon eller nettbrett, som har kamera, mikrofon og høgtalar (kan vere innebygd i eininga). Headset med mikrofon kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
  • Tilgang til sikkert internett.
  • Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør også ha god belysning, slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

 

Slik koplar du opp til møtet:

Du vil motta ei e-postinnkalling med ei lenke til videokonsultasjonen. Av årsaker knytt til sikkerheit blir det ikkje nytta  «vanleg» Skype, men programmet Skype for Business.

Oppkopling via PC

I e-postinnkallinga ligg det ei lenke til videokonsultasjonen. Når du klikkar på denne kjem du til det virtuelle møterommet i programmet Lync / Skype for Business, dersom du har dette

installert på din PC. Dersom du ikkje har programmet Lync / Skype for Business installert på PC-en, kan gratisprogrammet Skype Web Applikasjon bli tatt i bruk  via nettlesaren din. Første gong du nyttar  Skype Web Applikasjon må ein «plug-in» modul installerast. Dette valet kjem automatisk opp når du følgjer lenka i e-postinnkallinga for å møte behandlaren din. Fleire detaljar er tilgjengeleg i seksjonen Tekniske instruksjonar – PC.

Oppkopling via telefon / nettbrett

I e-postinnkallinga ligg lenker til å laste ned applikasjonen Skype for Business, både til iPhone og Android. Du må laste ned applikasjonen i forkant av konsultasjonen på video. For å kome til det virtuelle møterommet, klikkar du på lenka til Skype for Business via e-postinnkallinga. Du blir då omdirigert til applikasjonen du har installert. Her kan du enten logge inn dersom du har registrert konto frå før, eller fortsette som gjest.
Behandlaren slepp deg inn i det virtuelle møterommet når det er klart. Fleire detaljar er tilgjengeleg i seksjonen Tekniske instruksjonar – Telefon / Nettbrett.

«Køyrereglar» for videokonsultasjon

  1. Alle involverte må presentere seg. Dersom du har med ein ven/pårørande er det viktig at vedkomande blir presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller bygningen der du er.
  2. Behandlar kan ikkje kommunisere ved bruk av chat-funksjonen, denne funksjonen skal helst ikkje nyttast.
  3. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtalen (inkludert lyd og bilde). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment

Husk at behandlaren ikkje ser «heile deg», og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med  ved fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

Tekniske instruksjonar – PC

Dersom du allereie har Lync / Skype for Business applikasjon  lasta ned på PC-en din og ein tilknytt brukar, kan du ta i bruk dette.

Dersom du ikkje har Lync / Skype for Business applikasjonen eller brukar, tar du i bruk  Skype Web App. Dette er ei løysing som gjer at du ikkje treng å laste ned programvare, men loggar på videokonsultasjonen din ved bruk av nettlesar. Ein «plug-in» for Skype Web App må installerast første gong dette blir tatt  i bruk. Sjå teknisk rettleiing under. Merk at mindre variasjonar kan førekome frå steg-for-steg guiden, avhengig av type nettlesar, type eller versjon av operativsystem du har på din PC.

Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Skype Web App

1.  Opne e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon.

2.  Klikk på «Bli med i Lync / Skype-møte» frå møteinnkallinga. Ein nettlesar vil då opne seg.

Første gong du bruker Lync / Skype Web App, bør du teste dette god tid i førevegen, slik at du veit at det er klart.

 

Skjermbilde

 

3.  I nettlesaren viser dette bildet. Last ned «Plugin-modulen» ved å klikke på lenka.

 

Skjermbilde

 

4.  Du vil så få spørsmål om du vil køyre eller lagre ei fil. Vel «kjør» for å installere «Plugin-modulen.»

 

Skjermbilde

 

5.  Klikk så på «Allow» / «Aksepter» for å gå vidare.

 

Skjermbilde

 

Får du problem med å installere plugin-modulen, kan du lese meir på hjelpesida til Microsoft.

6.  Vel «Bli med i møtet».

 

Skjermbilde

 

7.  Skriv inn namnet ditt i tekstboksen, og klikk på den grøne knappen for å bli med i møtet.

Skjermbilde

 

8.  Du skal no delta i møtet, og ventar i den virtuelle «lobbyen» til du blir tatt inn i møtet av  behandlaren din

 

Skjermbilde

 

9.  Når du kjem inn i møtet, sjekk at lyd og kamera er slått på.
Pass på at du ser og høyrer behandlaren godt. Juster eventuelt på lyd- og lysstyrke på PC-en din.

 

Skjermbilde

 

10.  Når videokonsultasjonen er over, trykk på den raude knappen for å avslutte.

 

Skjermbilde

 


 

Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Skype for Business applikasjon

1.  Start Skype for Business, dersom den  ikkje allereie er starta.

2.  Dobbeltklikk på e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon for å opne denne.

 

skjermbilde


3.  Klikk på «Bli med i Skype-møte» i e-postinnkallinga.

skjermbilde


4.  Du får no spørsmål om å gje tilgang til lyd og bilete. Aksepter denne tilgangen ved å klikke OK.

skjermbilde


5.  Du skal no delta i møtet, og ventar i den virtuelle «lobbyen» til du blir tatt inn i møtet av behandlaren din.

skjermbilde


6.  Nå du kjem  inn i møtet, sjekk at lyd og kamera er slått på.

skjermbilde


7.  Når konsultasjonen er over, trykk på den raude knappen for å avslutte videokonsultasjonen.

skjermbilde

 

Tekniske instruksjonar – Telefon / Nettbrett

Dersom du allereie har lasta ned Skype for Business applikasjonen til din telefon eller nettbrett, kan du gå rett til seksjon 2: «Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Telefon / Nettbrett»

1: Steg-for-steg guide for nedlasting av Skype for Business til telefon / nettbrett

1.  Gå inn på App Store / Google Play på telefonen din

 

skjermbilde

 

2.  Søk etter, og last ned applikasjonen Skype for Business

skjermbilde


 

2: Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Telefon / Nettbrett

1.  Opne e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon, og klikk på «Bli med i Skype-møte»

Dersom du bruker iPhone kan du bli spurt om å opne sida i «Business». Klikk «Åpne».

 

 

 

Skjermbilde


2.  No er du inne i Skype for Business applikasjonen. No kan du enten:

 

  • a. Logge på med brukarnamn og passord, eller

  • b. Bli med som gjest.

Dersom du blir med som gjest, treng du berre å skrive namnet ditt.

Skjermbilde


3.  No er du logga på applikasjonen Skype for Business. Vent til behandlaren din er klar. Når du blir sloppe inn, vil du kunne sjå behandlaren din.

 

 

4. Når det er tid for å avslutte videokonsultasjonen klikkar du på den raude knappen.

 

Skjermbilde

   

 
5.  Deretter klikkar du på «Avslutt møtet».

 

 

6.  Du vil få beskjed om at du no forlét møtet. Klikk OK.

Skjermbilde

Handtering av eventuelle problem

Handtering av eventuelle problem
​Problem​Løysing
​Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om videosamtale er riktig​Du må ta kontakt med sekretariatet så snart som mogleg, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.
​Lege/sjukepleiar er forseinka​Forseinkingar kan oppstå på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med sekretariatet og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.
​Du er forseinka​Ta kontakt med sekretariatet og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post. Du kan risikere at konsultasjonen må utsetjast.
​Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fred​Ring sekretariatet, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post. Viss du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, må behandlar vurdere om det er godt nok, eller om du må få ein ny time.
Du klarer ikkje kople deg på møtet​​Sjekk manualen/bruksanvisinga som er vedlagt mailen ved møteinnkallinga. Det kan hjelpe å re-starte PC-en og kople seg opp på nytt dersom du har tekniske problem. Dersom dette ikkje fungerer, ring kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at behandlar ringer deg på telefonen.
​Bildet forsvinn, men lyden verkar​Ring kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
​Lyden forsvinn, men du kan sjå​Ring kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
​Heile samtalen bryt undervegs​Ring kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
​Nokon kjem inn i rommet​Gi beskjed til behandlaren at du ikkje lenger er åleine slik at samtalen blir sett på pause. Dersom mogleg, sørg for at du igjen får rommet for deg sjølv.
​Anna uventa hending​Hendingar som gjer at informasjon om deg og helsa di kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtalen ikkje kan gjennomførast, medfører at vi tar pause eller avsluttar videokonsultasjonen. Dersom det er føremålstenleg går ein over til telefon for å diskutere kva de skal gjere vidare.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.