Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt med nokre hugsereglar.

mobilbilde av barn.foto
 

Det er sjølvsagt heilt greitt med foto eller video så lenge det er pasientane og/eller pasientane sine pårørande og venner som blir avbilda.

Det er derimot ikkje lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfelle der bilde av medpasientar / tilsette er blitt publiserte i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håpar alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og venner.​


Sjå meir: Datatilsynets informasjonheftet "I beste meining"


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.