Flybuss på Haukeland

Det går flybuss mellom Bergen Lufthavn Flesland og Haukeland hotell (Pasienthotellet) kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar.

Frå Bergen lufthavn Flesland går det flybuss til Haukeland hotell fem over kvar heile time.

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell (Pasienthotellet) går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen køyrer til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du hjelp av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar