Kvifor delta på kurs?
Målet for våre lærings- og meistringskurs er at du skal lære om sjukdommen din og korleis du kan meistre kvardagen.
Vår pasientopplæring set fokus på deg som pasient. Du skal kunne medverke med dine erfaringar og forståing for din eigen situasjon. Du vil møte erfarne pasientar og deira pårørande som fortel korleis dei lever sine liv med helseutfordringar. På kursa får deltakarane undervisning og rettleiing, og får dele erfaringar med kvarandre.
Pasientopplæringa kan vere både individuell og gruppebasert, og den kan vere diagnosespesifikk eller ha eit generelt fokus på det å leve med ei helseutfordring og meistre kvardagslivet.
Korleis delta på kurs?
Vi tilbyr både digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte.
Tilvising til kurs
Dei fleste kurs for pasientar og pårørande krev tilvising frå behandlande lege. Pårørande blir tilvist og registrert i pasienten sitt namn.
Pris
Kursutgiftene tilsvarar eigendel etter gjeldande takstar for pasientar, og er dei same ved digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. Gratis ved frikort. Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel.
Avbestilling av kurs må skje seinast 24 timer før kursstart. Ved manglande oppmøte til avtalt kurs, både digitalt kurs og fysisk oppmøte, blir du belasta gebyr etter gjeldande satsar. Dette gjeld og om du har frikort.
Behov for tolk?
God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.
Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Rettar for pasientar og pårørande ved kurs og opplæring
Opplæring av pasientar og pårørande er ei av sjukehuset sine fire lovpålagte hovudoppgåver, på linje med diagnostisering og behandling, forsking og utdanning av helsepersonell.
Pasientar og pårørande har ulike rettar knytt til deltaking i kurs og opplæring, mellom anna i forhold til utgifter til reise og opphald, kostpengar og opplæringspengar ved opplæring i grupper. Pasientar har også rett til val av behandlingsstad.
Les meir om pasient- og pårøranderettar