Marie Joys’ hus

I samband med bygginga av det nye Barne- og ungdomssjukehuset, skal bygget som tidlegare husa Barneklinikken rivast. Barne- og ungdomsklinikken (tidlegare Barneklinikken) har derfor flytta i nye Marie Joys' hus på Haukeland.

 
I Marie Joys' hus skal Barne- og ungdomsklinikken vere fram til det nye Barne- og ungdomssjukehuset står ferdig ved årsskiftet 2022/23. På den måten kan ein skjerme dei aller yngste pasientane for den pågåande byggeprosessen.

Marie Joys’ hus er eit sentralt element i den langsiktige arealutviklinga ved Haukeland universitetssjukehus. Bygget bidrar til å nå to viktige mål: For det første vil bygget gi ei betre mellombels løysing for Barne- og ungdomsklinikken medan ein ventar på innflytting i det nye Barne- og ungdomssjukehuset. For det andre vil bygget sikre kapasitet som gjer at ein på lengre sikt kan starte arbeidet med å modernisere sengepostane i Sentralblokka.

Dette er Haukeland universitetssjukehus sitt første passivhus. Bygget har ein enkel struktur som legg til rette for å få dette fram som eit godt miljøbygg.​

Tal og fakta

​​Marie Joys’ hus har eit samla areal på 10300 kvadratmeter. Barne- og ungdomsklinikken brukar 9000 av desse, medan dei resterande 1300 skal brukast til andre formål på sjukehuset, som for eksempel biobank. 

​Andre tenestetilbod som har teke plass i bygget er radiologi, laboratorieverksemd og fysioterapi.

Bygget har fire etasjar over bakken, og to etasjar delvis under bakken. Sengepostane er hovudsakeleg enkeltrom, supplert med dobbeltrom i kvar fløy. Det er 72 sengar fordelt på tre etasjar. 

Marie Joys’ hus blei tatt i bruk hausten 2016.
Byggeprosjektet hadde ei kostnadsramme på 380 millionar kroner.

Bygget som er kledd i tre på sørsida av Sentralblokka, er oppkalla etter Marie Joys (1872-1944). Ho var ein pioner innan norsk sjukepleiarutdanning, og var oversjukepleiar ved Bergen kommunale sykehus (seinare Haukeland sykehus) i 35 år. Ho var også med på å stifte Norsk Sykepleierskeforbund i 1912.

Prosjektleiar er Bror Ragnar Hansen
Sengebygg sør: Forprosjektrapport - (PDF, 21MB)​​

Finn Marie Joys' hus på kartet

  


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.