Barne- og ungdomssjukehuset (BUS)

Barne- og ungdomssjukehuset har vore under planlegging på Haukeland heilt sidan slutten av 1990-talet. I 2011 gikk endelig startskotet for første byggetrinn, som stod ferdig hausten 2016. Byggetrinn to, og dermed heile Barne- og ungdomssjukehuset, skal etter planen stå ferdig ved årsskiftet 2022/2023.
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

Målet er å samle all behandling av barn og unge som skjer på Haukeland, i tillegg til å få føde- og barseleininga ved Kvinneklinikken i same lokale som eininga for nyfødde ved Barne- og ungdomsklinikken. Barne- og ungdomssjukehuset vil mellom anna innehalde sengepostar, poliklinikkrom, operasjonssalar, røntgenavdeling, intensiveining og mottak, og vil gi eit komplett sjukehustilbod til målgruppa.​
 
Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her skal ein samle all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Grunntanken er at «eksperten skal komme til barnet». Det vil seie at barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad.​

Tal og fakta

​Det største byggeprosjektet på Haukeland sidan Sentralblokka stod ferdig i 1983. Byggeprosjektet starta med trinn ein i 2011, som stod ferdig hausten 2016. Trinn to, og dermed heile Barne- og ungdomssjukehuset, skal etter planen stå ferdig ved årsskiftet 2022/2023.
Utanom bygginga av Sentralblokka, er bygginga av det nye sjukehuset det største prosjektet på Haukeland nokon sinne. Arealet til det nye sjukehuset vil vere omlag 79 000 kvadratmeter når alt står ferdig (trinn ein: omlag 29 000 kvm., trinn to: omlag 50 000 kvm.).
Samla investeringskostnadar utgjer om lag 5,4 milliardar kroner​.

​Første byggetrinn

Første byggetrinn stod ferdig hausten 2016. Dei første som tok plass i det nye bygget var Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) og Energisenteret for barn og unge. Delar av Psykiatrisk klinikk (tidlegare Klinikk for psykosomatisk medisin) flytta også inn i det nye bygget, men berre mellombels medan ein ventar på at areal i andre bygningar blir frigjort.​

​Neste byggetrinn

Under trinn to av byggeprosjektet skal bygga som tidlegare husa Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge rivast. Barne- ungdomsklinikken flyttar mellombels inn i eit avlastningsbygg kalla "Marie Joys’ hus" (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket), til trinn to, og dermed heile Barne- og ungdomssjukehuset, står ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Då flyttar Barne- og ungdomsklinikken, Barnekirurgisk post og føde- og barseleininga frå Kvinneklinikken inn i Barne- og ungdomssjukehuset.

Desse flyttar inn i nytt bygg

​​​Har flytta inn i 2016/2017

  • Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
  • Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
  • Delar av Psykiatrisk klinikk (tidlegare Klinikk for psykosomatisk medisin)
  • Energisenteret for barn og unge
 
Barne- og ungdomsklinikken (tidlegare Barneklinikken) har flytta inn i Marie Joys’ hus (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket) i påvente av at Barne- og ungdomssjukehuset står ferdig ved årsskiftet 2022/2023.

2022/2023

  • Barne- og ungdomsklinikken
  • Radiologi og laboratorieverksemd for barn og unge
  • Barnekirurgisk post 
  • Føde- og barseleininga ved Kvinneklinikken

​Prosjektleiarar

Trinn 1: Lars-Petter Smidt

Trinn 2: Kristian Brandseth

Arkitektar ​

I 2006 kåra juryen vinnarforslaget etter ein arkitektkonkurranse om korleis Barne- og ungdomssjukehuset skal sjå ut. Plan- og designkonkurransen omfatta heile byggeprosjektet. Vinnarforslaget var konseptet "Knase Tangenter".

Les meir om arkitektane​
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.