Utviklingsplan 2035: Tid for høyring

Helse Bergen lagar for tida sin første Utviklingsplan, slik som alle dei andre helseføretaka i Noreg. Vi skal gje eit samla bilde av utviklinga fram til 2035 og konkretisere kva grep vi må gjere for å møte framtidas behov og utfordringar. Her kan du lese høyringsutkastet.

Prosjektgruppen i arbeid. Foto
Prosjektgruppemedlemmar i arbeid: Ulike representantar frå vernetenesta, brukarutval, klinikkar og avdelingar i sjukehuset.

​Utkastet til ein samla utviklingsplan for sjukehuset blei sendt på høyring til kommunane og andre samarbeidspartnarar den 23. mai.

– No skal eit førsteutkast av ein samla utviklingsplan ut på høyring til kommunane og andre. Når høyringsfristen er gått ut, vil vi gå gjennom innspela og gjere justeringar i utviklingsplanen, forklarar Ingvild Sunde, prosjektleiar for Utviklingsplan 2035.

Høyringsfristen er 6. juli for helseføretaka, utdanningsinstitusjonar og fleire, medan frista for kommunane og brukarutvala er 24. august.

Har du tankar eller innspel til Utviklingsplanen?
Send innspel til prosjektleiar Ingvild Sunde på e-post ingvild.sunde@helse-bergen.no

Vegen vidare

Endeleg Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen HF skal behandlast i styret 27. september.

Portrett Clara Gjesdal. Foto
Clara Gjesdal

Helse Bergen si utviklingsplan skal deretter til Helse Vest RHF, som skal sjå på planen i samanheng med tilsvarande planar frå dei andre helseføretaka i regionen. Helse Vest skriv ein samla utviklingsplan for regionen, og denne skal igjen danne grunnlag for fornyinga av Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Stort engasjement

Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør og forskings- og utviklingsdirektør, er ansvarleg for utviklingsplanen. Ho er godt nøgd med arbeidet som er gjort hittil:

– All honnør til dei som har bidratt så langt. Det har vore stort engasjement i sjukehuset, utdanningsinstitusjonane, kommunane og andre samarbeidspartnarar for arbeidet med utviklingsplanen. Det er mange som har bidratt i prosjektet, og prosjektgruppa har jobba godt. Det er omfattande og veldig spanande å lage ein plan som skal seie  noko om det store bildet og peike på ei retning for korleis helsetenesta skal utvikle seg i framtida.