Dette blir anbefalt i Prehospital plan 2018-2035, som legg grunnlaget for det framtidige akuttmedisinske tilbodet i Helse Bergen. Her finn du meir informasjon om dagens tilbod og framtidige planar:
Om Prehospital plan
Prehospital plan er ein del av Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen. Utviklingsplanen seier noko om korleis vi skal løyse framtidas behov for spesialisthelsetenester og sikre pasientane våre gode tenester. Alle helseføretak i Noreg skal lage utviklingsplanar.
Det har over mange år vore arbeidd med å auke kvaliteten og optimalisere ressursbruken i dei prehospitale tenestene i Helse Bergen. Helse Bergen har auka kompetansen både i Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og på ambulansane, og fyller dagens kompetansekrav i «akuttmedisinforskrifta». Endring i ambulansestrukturen over tid har vore nødvendig, og dannar no eit godt grunnlag for å vurdere behova fram mot 2035.
Forvaltningsnivå
Det er to forvaltningsnivå som utgjer dei prehospitale tenestene: Helseføretak og kommune.
For innbyggjarane er det viktig å vere trygg på at ein får rask og kompetent hjelp når ein treng det. Prehospital plan legg derfor vekt på samarbeidet mellom Helse Bergen og den akuttmedisinske beredskapen i kommunane. Pasientane skal oppleve ei heilskapleg teneste.
Utvikling av prehospitale tenester er elles kontinuerlig på dagsorden i samarbeidsorgana mellom Helse Bergen og kommunane, og ikkje berre i samband med Prehospital plan.
I arbeidet med Prehospital plan har tre alternative vegval vorte utgreidd:
- Alternativ 0: AMK og ambulansetenesta som i dag.
- Alternativ 1: Ei prehospital teneste som oppfyller rettleiande responstid.
- Alternativ 2: Ein moderat auke av dagens kapasitet.
Alternativ 2 blir tilrådd. Dette alternativet legg opp til ei optimalisering av plasseringa av ambulansestasjonar og ein moderat auke av ambulansekapasiteten.
Organisering av planarbeidet
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har leia arbeidet med Prehospital plan. Prosjektgruppa har vore sett saman av representantar frå KSK, Akuttmedisinsk avdeling (AMA), tillitsvalt, verneombod, brukarrepresentant og éin kommunerepresentant frå kvart av dei fire geografiske samhandlingsområda som Helse Bergen delt inn i.
Innan kvart av desse områda er det oppnemnt Underutval for akuttmedisin og beredskap (UFAB). Sak om Prehospital plan har vore tema på møte i alle dei fire UFAB-områda.
Planarbeidet har skjedd i perioden november 2017 til april 2018, og prosjektgruppa har møttes seks gongar. I tillegg har arbeidsgrupper sett på utvalde tema som kompetanse, arbeidstidsordningar og datagrunnlag/analyse.
Prosessen har vore open, i den forstand at relevante fagmiljø og samarbeidspartar både er orientert om- og involvert i prosessen.
Responstid og kompetanse
Helse Bergen har ansvar for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og ambulansetenesta som omfattar bil-, båt- og luftambulanseteneste.
Kommunane har ansvar for legevaktordning, som består av legevaktsentral, eit fast legevaktnummer (116 117), og legar i vaktberedskap. Legevaktordninga skal sikre befolkningas behov for øyeblikkeleg hjelp.
Dei fleste kommunane innanfor Helse Bergen har i tillegg lang tradisjon for å tilby såkalla «akutthjelparteneste», tidlegare omtalt som «first responder». Målsettinga med ordninga er å sikre at det ved akutt behov for helsehjelp kan settast i verk livreddande førstehjelpstiltak når pasient ikkje kan få øyeblikkeleg hjelp frå legevaktslege eller ambulanse, og at legevaktslege og ordinære ambulanseressursar kan få bistand ved behov for assistanse. Personar som skal yte slik bistand må ha fått nødvendig opplæring. I hovudsak har funksjonen vore forankra i lokalt brannvern. Ordninga er ikkje ei erstatning for ei godt fungerande legevakt og ambulanseteneste, men eit viktig supplement.
Ambulansetenesta og AMK kan målast på responstider. Det er vanskelegare å måle kvaliteten av utført vurdering, handtering og behandling på det enkelte oppdraget. Kompetansen på personellet på ambulansane kan vere avgjerande.
For pasienten er det heller ikkje berre responstida som er viktig. Tida frå ein ber om hjelp til første hjelpar kjem er også viktig. Slik sett kan ein argumentere for at responstid bør regnast fram til pasienten får hjelp frå første ledd i kjeda, ikkje når ambulansen kjem fram.
«Akuttmedisinforskrifta» set krav til innhaldet og kvaliteten på legevakttenestene i kommunane. Legevaktlege skal for eksempel med ein gong kunne rykke ut til sjuke og skadde, og ha nødvendig utstyr til rådigheit. Forskrifta stiller også krav til ambulansetenesta, men ikkje når det gjeld responstid. Responstidene er berre rettleiande.
Dei rettleiande responstidene ved akuttoppdrag er:
- I byar og tettstadar skal ambulansen vere framme på hendingsstaden innan 12 minutt i 90 prosent av hendingane.
- I spreidtbygde strøk skal ambulansen vere framme innan 25 minutt i 90 prosent av hendingane.
I
St. Meld 43 (1999-2000) skriv Helse- og omsorgsdepartementet: «Et rimelig og realistisk krav for å utgjøre by/tettsted er etter departementets oppfatning mellom 10 000 og 15 000 innbyggere».
I AMK er det eit forskriftsfesta krav om at 90 % av 113-telefonane skal svarast innan 10 sekunder. AMK i Bergen er i dag godt innanfor desse tidskrava.
Om Akuttmedisinsk avdeling
- Akuttmedisinsk avdeling har 250 årsverk og eit budsjett på 250 millionar kroner.
- Avdelinga disponerer totalt 37 ambulansar (døgn: 20, deldøgn: 9, reserve: 8).
- Ambulansane hadde i 2017 totalt 58.017 oppdrag. Av desse er 18.133 oppdrag «raude» (hasteoppdrag) 26.034 gule og 13.850 grøne.
- Gjennomsnittleg responstid for hasteoppdrag var i fjor 16,5 minutt i tettbygde strøk og 28,6 minutt i spreidtbygde strøk.
Høyring og høyringssvar - utkast til Prehospital plan
Prehospital plan er ein del av Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen.
Utkastet til ein Prehospital plan er sendt på høyring til kommunanene og andre samabeidspartnarar. Høyringsfrist er no utvida til 10. august.
Les høyringsutkast til Prehospital plan (2018-2035) (pdf)
Innkomne høyringssvar per 1. august 2018
Austrheim kommune
(pdf)Bergen kommune (pdf)
Eidfjord kommune (pdf)
Fedje kommune 1 (pdf)Fedje kommune 2 (pdf)
Gulen kommune (pdf)Helse
Førde (pdf)Lindås kommune (pdf)
Lindås kommune (vedtaksbrev) (pdf)
Masfjorden kommune (pdf)
Modalen kommune (pdf)
Samnanger kommune (pdf)
Samnanger kommune (vedtaksbrev) (pdf)
Ulvik herad (pdf)Øygarden kommune (pdf)