Ungdomsrådet søker nye medlemmar

Har du erfaring frå sjukehuset?

Vil du være med å betre helsetenestene for unge pasientar? Vi i Ungdomsrådet treng deg og din erfaring.

Ungdomsrådet jobbar for at dei unge sine meiningar og behov skal bli tatt på alvor i møte med helsevesenet.

ungdomsrådet med eivind hansen.foto

Tidlegare medlemmar av Ungdomsrådet saman med administerande direktør på Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen.

Ungdom er ein pasientgruppe som ofte havnar mellom to stoler – både som pasient og som pårørande. Vi i Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som skal hjelpe sjukehuset med å møte behova til dei unge.

Ungdomsrådet består av ungdom mellom 12-25 år. Alle har erfaring med å være ung og sjuk – eller pårørande. Vi representerer ungdom med ulike fysiske og psykiske helseutfordringar.

Meir om Ungdomsrådet

Kven søker vi etter?

Vi ser etter deg som er mellom 12-25 år, og som har erfaring frå helsetenester, enten det er som fysisk/psykisk sjuk eller pårørande. Og så må du ha eit ønske om å bruke di erfaring til å betre helsetenestene og kvardagen til ungdom på Haukeland universitetssjukehus.

Kontakt oss

Er dette noko som kan passe for deg? Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på Facebook eller mail: 

facebook.com/ungdomsradetHUS ungdomsradet@helse-bergen.no

Søknadsfrist

Snarast, og innan 15. februar 2020

Fann du det du leita etter?