Rettar - ungdom på sjukehus

Som ungdom har du ei rekke rettar på sjukehus.

Ung jente med to kompiser. Foto
 

​Blant anna har unge rett til -

  • informasjon og brukermedverknad tilpassa alder og utvikling
  • særleg tilrettelegging, blant anna det å ha minst ein forelder hos seg (opptil 18 år)
  • eit undervisningstilbod og aktivitetar tilpassa alder og utvikling

I ungdomstida er det også ei rekke rettar knytta spesifikt til alder, som det er viktig å vere klar over.

​Ved fylte 12 år

Du har rett til å si di meining i alle spørsmål om di helse. Det skal leggast stor vekt på kva du meiner, men det er foreldre eller andre med foreldreansvar som har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år.  Det skal ikkje bli gitt fortruleg informasjon til foreldra dine dersom du er sterkt imot det, og helsepersonellet vurderer det slik at dine grunnar til dette bør respekterast.  

Ved fylte 16 år

Du er helserettsleg myndig og har rett til å bestemme sjølv i saker som angår di helse. Helsepersonell har plikt til å gi deg tilpassa informasjon slik at du kan ta gode val.

Men sidan du framleis er under 18 år, må informasjon som er nødvendig for at dine foreldre kan ivareta foreldreansvaret sitt på ein god måte bli gitt til dine foreldre. Dersom informasjonen blir formidla vidare til foreldra dine, skal du få beskjed om det.  

Ved fylte 18 år

Du bestemmer sjølv i alle saker som angår di helse, og må vere einig i foreslått utgreiing og behandling.

Les meir om helserettar for barn og unge på helsenorge.no