Prøveordning

Helse Bergen etablerer no ei prøveordning der ungdom mellom 12-16 år kan få tilgang til opplysningar på helsenorge.no. Det er i dag ikkje mulig for ungdom i denne aldersgruppa å logge seg på Min helse på helsenorge.no. Dei får difor ikkje tilgang til tenester som hjelper dei å følgje opp si eiga helse. Dette ønskjer vi i Helse Bergen å gjere noko med, og etablerer derfor ei prøveordning.
 

​Dette gjer vi fordi vi ser at behovet for digitale løysingar for ungdom i denne aldersgruppa er stort. Målet er at prøveordninga på sikt kan føre til at alle ungdommar i denne aldersgruppa får tilgang til Min helse. Prøveordninga støttar opp under målet til Helse Bergen om at ungdom gradvis skal bli meir sjølvstendige i dialogen med sjukehuset, og at brukarane i denne aldersgruppa får høve til sjølve å velje kva informasjonskanalar dei vil nytte. Ungdomsrådet i Helse Bergen har også dette som eit satsingsområde. Det å legge til rette for digitale tenester for ungdom, er elles i tråd med regjeringa sin strategi for ungdomshelse 2016 – 2021.

Prøveordninga gjeld i første omgang for utvalde pasientgrupper, og dei pasientane det gjeld vil få brev om dette.

Formål med prøveordning (pdf, nynorsk) 

Formål med prøveordning (pdf, bokmål)

Samtykkeerklæring (word, nynorsk)

Samtykkeerklæring (word, bokmål)
Logge på Min helse på helsenorge.no (pdf, nynorsk)

Logge på Min helse på helsenorge.no (pdf, bokmål)