Prosjekt Ungdomsmedisin

Haukeland universitetssjukehus har sett i gang eit prosjekt som skal bidra til å skape ei ungdomsvennlig helseteneste ved sjukehuset, både innan somatikken, psykisk helsevern og rusmedisin.

Ung jente med to kompiser. Foto
 
​​

​Ei ungdomsvennleg helseteneste må vere tilpassa unge sine behov, basert på beste tilgjengeleg fagkunnskap, den må involvere ungdomane, vere samordna og prega av kontinuitet.

Prosjektet er ein del av satsinga på det nye Barne– og ungdomssjukehuset som er planlagt ferdig i 2022, der all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland skal samlast. Men sjølv om ein er myndig når ein fyller 18 år er ein framleis ung, og kan ha behov for eit tilpassa tilbod. Difor har prosjektet også hatt mykje dialog med vaksenavdelingar, og fått mange innspel til korleis deira tilbod kan tilpassast unge vaksne. 

 

​Eige ungdomsråd

I 2015 har prosjektet etablert Haukelands fyrste ungdomsråd og utarbeida rapporten "Kvifor er Ungdomsmedisin viktig - og kva betyr det for Haukeland universitetssjukehus?". 

Prosjektet har også foreslått nokre fokusområde for 2016, figuren under viser desse. Klikk på dei ulike fokusområda under for meir informasjon.

Prosjektet samarbeider tett med Ungdomsrådet, og vi vil gjerne ha innspel frå deg! Ta kontakt med Ungdomsrådet dersom du har innspel til kva vi kan forbetre hos oss.  

 

Fokusområde ​

prosjekt-ungdomsmedisin-illustrasjon-860.jpg   

Ungdomsvennleg miljø

​Korleis kan vi legge til rette for at ungdomar på sjukehus i størst mogleg grad kan få gjere det andre ungdomar gjer? Korleis kan vi tilpasse bygg og rom for å skape gode møteplassar, for at ungdomar kan møte og halde kontakt med familie, vener og treffe andre ungdomar? ​Korleis bør vi innrette tenestene våre slik at ungdom i minst mogleg grad går glipp av viktige milepælar i ungdomstida, for eksempel skulegang? 

Overgangar

Ordet «overgangar» har mange tydingar, det brukast om overgangen frå barn til vaksen, endring i innhald i helsetenestene og den konkrete overføringa mellom barne – og vaksenavdelingar. 

Prosjektet jobbar i 2016 med å lage og prøve ut overgangsforløp for ungdomar med diabetes, epilepsi og IBD inflammatorisk tarmsjukdom. I dette arbeidet ser ein på korleis ein kan lære ungdomen å ta ansvar for eigen sjukdom og helse, korleis den konkrete overføringa frå barne – til vaksenavdeling skal skje og kva oppfølging den unge bør få i vaksenavdeling etter at ein er overført. 

Heilskapleg tilbod

​Korleis kan unge som treng hjelp frå fleire avdelingar ved Haukeland eller frå Haukeland og kommunehelsetenesta få eit samordna tilbod? Dette er ei problemstilling som gjeld alle aldersgrupper, men prosjektet har ønska å løfte dette fram då dette kan vere spesielt utfordrande for ungdomar, som er i ei periode i livet der ein blir gradvis meir sjølvstendig.  

Korleis kan vi tilpasse bygg og rom og skape gode møteplassar, for at ungdommane kan møte og halde kontakt med familie, venner og treffe andre ungdommar? Korleis innrette tjenestene slik at ungdom i minst mogleg grad går glipp av viktige milepælar i ungdomstida, for eksempel skolegang?​

Kommunikasjon​

Korleis kan den muntlege og skriftlege kommunikasjonen frå sjukehuset betre tilpassast unge? Korleis skal foreldre/føresette involverast i dialogen? Korleis når ein ungdomen i dag, korleis føretrekk ungdomen å kommunisere? Eigne nettsider for ungdom er eitt av tiltaka knytta til dette fokusområdet, opplæring i kommunikasjon med ungdom og gode IKT-system er andre tiltak prosjektet jobbar med.​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.