Barn og ungdom som pårørande

Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk medfører det ofte ei endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjonar er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna og ungdommen har det. Her har vi samla råd og tips som vi håpar kan vere til hjelp.

Barnehand held vaksenhand. Foto
 

Når barn er pårørande

Dersom noko alvorleg skjer med mamma, pappa, søsken eller andre nære pårørande, påverkar det heile familien. Kvardagen endrar seg og livet er ikkje slik det plar vere.

For barn og ungdommar kan dette påverke tryggleiken deira og opplevinga av å vere beskytta og passa på. Barn og ungdommar uroar seg og lurer på kva som skjer. Samtidig vil dei gjerne hjelpe til så godt dei kan. 

Informasjon og oppfølging

Helsepersonell pliktar å ivareta behovet for informasjon og oppfølging som barna og ungdommen har når foreldre eller søsken er sjuke. Helsepersonell skal difor snakke med deg om kva for innverknad sjukdommen har på ditt barn / ungdom, og kva for informasjon og hjelp barnet / ungdommen og familien din eventuelt ønsker. Du kan óg sjølv ta initiativ til ein slik samtale der du får behandling.

Vi har laga ein brosjyre med informasjon om vanlege reaksjoner og spørsmål hos barn og ungdommar, samt råd til den vaksne, og tips om kor ein kan få hjelp.


Gode råd ved bekymring

Mange barn og ungdommar fortel om å vere redde og åleine. Redsla handlar ofte om ikkje å vite. Vil mamma bli frisk igjen? Er det mi skuld? Når dei ikkje veit, er det vanskeleg å forstå kva som skjer og då kan det ofte bli kaos i tankane.

Nokre barn og ungdommar kan bli triste og leie seg, mens andre blir sinte og irriterte. Dei kan vere opptatt av ikkje å vere til bry for dei vaksne. Det er også vanleg å få vondt i kroppen, som hovudverk eller magesmerter.

Noko av det viktigaste for barn og ungdommar er at kvardagsrutinane fungerer slik dei plar. Dei små tinga er viktige for at dei skal vere trygge og ha det godt. Barn og ungdommar er aldri for små til å få med seg ting som skjer. Dei får med seg endringar i stemningar, foreldre som det ikkje er så lett å få kontakt med og endringar av rutinar i kvardagen.

Spørsmål barn ofte ønsker svar på

  • Kva heiter sjukdommen?
  • Korleis får ein denne sjukdommen?
  • Kan han smitte?
  • Er han arveleg?
  • Kor lenge skal mor eller far vere på sjukehus?
  • Er det noko mor eller far skal gjere på sjukehuset som er vondt?
  • Kan eg gjere mor eller far sjuk?
  • Er sjukdommen alvorleg og kan ein døy av han?
  • Dersom mor eller far aldri blir heilt friske, kven skal passe på meg då?
  • Kven skal passe på oss som er heime?
  • Kven skal lage mat, vaske klede og tene pengar i familien?

Korleis snakke med barn og ungdom om alvorleg sjukdom

  • ​Stol på deg sjølv
  • Ha tillit til at barnet forstår og taklar situasjonen
  • Ta deg tid
  • Du kan få råd og hjelp med forklaringa di
  • Du treng ikkje vere aleine når du skal fortelje om sjukdommen
  • Fortel litt om gangen, ikkje kom med lange forklaringar. Gi eit kort samandrag og fyll ut med detaljar etter kvart
  • Følg barnets hint og utsegner
  • Snakk med barnet før sjukdommen kjem over i ein kronisk fase
  • Sjå føre deg uvissa (usikkerheita) og finn måtar å takle ho på

Gode råd for sjuke vaksne med barn

  • Ta deg tid til hyggestunder og mykje fysisk kontakt.
  • Fortel igjen og igjen at barnet er elska og at ingen kan noko for at mor eller far er sjuk.
  • Fortel at sjukdommen kan gjere både mor og far meir oppfarande enn elles.
  • La barnet få vise sine kjensler - både glede og sinne.
  • La barnet få vise omsorg og hjelpe til, men ikkje la det få ein vaksen sin rolle. Ikkje ros tapperheit.
  • Hjelp barnet med å fortelje at mor eller far er sjuk.
  • Hugs at barn ikkje berre krev omsorg. Dei har også mykje å gi ein familie som er prega av alvorleg sjukdom.

Kva kan du som vaksen gjere?

Som forelder eller nær omsorgsperson er det mange ting du kan gjere for å ta vare på barna på ein god måte. Du vil også oppdage at du ikkje treng å gjere alt sjølv. Mange oppdagar også at det er dei små tinga som kan gjere den største forskjellen.

Ver tidleg ute. Sjølv om det aldri er for seint å gjere noko, er det alltid best å begynne så tidleg som råd. Då slepp ein at uroa veks seg for stor.

  • Skaff mykje og god informasjon. Kunnskap hjelper både deg og barna. Søk og spør etter informasjon om sjukdommen, behandling og kva som er god hjelp for familien.
  • Ver open og inkluderande. Gjennom å vere open gir vi kvarandre lov til å gjere noko, både vaksne og barn. Dersom alle i familien blir inkluderte i det som skjer, blir alle rekna med og verdsett. Det er noko barn treng.
  • Ta vare på deg sjølv. Barna dine treng deg i så god form som du klarer å vere. Du treng ikkje ha dårleg samvit for å «kvile deg i form» til å vere der for barna.
  • Snakk med barna. Barn og unge treng konkret informasjon som dei forstår. La barna få vite at dei ikkje​​ har skuld eller ansvar for det som har skjedd, og at dei har lov til å ha det bra.
  • La barna hjelpe til. Barn ønskjer å vere til nytte. Gi oppgåver som er til reell hjelp, men som ikkje er større enn barnet kan meistre.
  • La barnet leve sitt liv. Barn ønskjer normale liv kor dei gjer heilt vanlege ting. Aktivitetar kan også fungere som gode pausar frå sjukdommen eller det som er vanskeleg.
  • Gi barnet lov til å spørje og reagere. Det er ikkje lett å vite kva barn får med seg og kva dei lurer på. Derfor er det godt for barn å vite at dei kan spørje om ting dei lurer på i staden for å gå åleine med tankane sine. Barn har også godt av å vite at det er lov å vere trist eller lei seg, sint eller glad.
  • Informer familie og nettverk. Snakk med nokon som står barna nær om det som har hendt, og korleis barna kan bli tatt vare på. Det kan vera den gode naboen, pedagogen i barnehagen, læraren på skulen eller fotballtrenaren.

Kven kan hjelpe?

Dersom du er uroleg for barna bør du vurdere å be om hjelp. Barna er ikkje tente med at du slit deg ut eller at du går og uroar deg​​ åleine. Det finst mange gode hjelparar som både kan og vil yte hjelp. Det viktige er at du finn den hjelpa som passar for deg og barna.

Helsepersonell
På sjukehuset kan barna få samtale med helsepersonell, dei kan få forklaring på sjukdommen og kva følgjer sjukdommen kan få på både kort og lang sikt. På sjukehuset er det etablert eit nettverk av helsearbeidarar som er barneansvarlege.​ Dei har som oppgåve å legge til rette for at familiar med barn som pårørande blir ivaretatt på best mogleg måte.

Når du er pasient eller pårørande kan du også få samtale med sosionom. Sosionomen kan kartleggje familiens behov for oppfølging og rettleie om ulike hjelpetilbod.

Sjukehuset har ei eiga avdeling som jobbar med barn og unge si psykiske helse. Ein kan be om konsultasjon frå psykolog herfrå. Sjukehuset har ei presteteneste, dei har lang erfaring i å snakke med menneske i vanskelege livssituasjonar. Lege eller sjukepleier kan formidle kontakt med både sosionom, prest og psykolog.

Familie og nettverk
Kanskje er det ei søster, onkel eller bestemor som kan ta med barna på kino eller overnattingstur? Kanskje kan naboen hjelpe med henting på SFO?

Skule og barnehage
Viss tilsette i barnehagen eller skulen veit kva som skjer, kan dei både ta i vare barna når dei er der, og fortelje deg om kva dei ser og gjer. PP-tenesta kan hjelpe barn og familiar direkte eller hjelpe barnehagen eller skulen med korleis dei kan hjelpe barna.

Helsetenester for barn og unge
Alle kommunar har eigne helsetenester for barn og ungdom, til dømes helsesøster på helsestasjon eller skule. Ein kan få kontakt med psykolog på helsestasjon. Desse er enkle å kome i kontakt med og har god kunnskap om kva barn og familiar treng. Fastlegen er også ein god stad å ta kontakt.

Barneverntenesta
Mange kvir seg for å kontakte barnevernstenesta dersom dei har behov for hjelp. Dei fleste er likevel godt nøgde med hjelpa dei får, når dei først tar kontakt. Mange veit ikkje at barnevernet samarbeider tett med familien og at dei aller fleste hjelpetiltaka er frivillige.

Frivillige
Det finst fleire frivillige og ideelle organisasjonar som kan hjelpe når barn / ungdommar er pårørande. Røde kors er eit døme og kan tilby turar, leksehjelp og nokon å snakke med.