Svein Gjedrem ny styreleiar

Svein Gjedrem er i dag utnemnd til ny styreleiar i Helse Bergen HF. 

 
​To nye styreleiarar er oppnemnd i føretaksmøta i Helse Vest i dag. Svein Gjedrem er ny styreleiar i Helse Bergen og Stener Kvinnsland er ny styreleiar i Helse Stavanger. 

 

Helse Bergen

Svein Gjedrem er ny styreleiar i Helse Bergen og Mona Haugland Hellesnes oppnemnd som nytt styremedlem. 

 
Svein Gjedrem (f. 1950) er tidlegare sentralbanksjef (1999-2010) og leiar av hovudstyret i Noregs Bank. Han har lang erfaring frå Finansdepartementet, der han har vore finansråd i to omgangar. Han er opphaveleg frå Finnøy i Rogaland, og bur no i Oslo.

 
Mona Haugland Hellesnes (f. 1967) er frå Ulvik og lokalpolitikar frå Venstre. Ho har tidlegare vore ordførar i Ulvik herad (2007-2011) og fylkesvaraordførar i Hordaland (2011-2015).

 
Gjedrem og Hellesnes tek over etter Ranveig Frøiland og Sveinung Hole.

 

Helse Stavanger

Stener Kvinnsland er ny styreleiar i Helse Stavanger. Grethe Høiland går inn som nestleiar i styret og Aslaug Mikkelsen held fram som styremedlem. Med dette er styret i Helse Stavanger utvida frå seks til sju eigaroppnemnde representantar.

 
Stener Kvinnsland (f. 1948) er styreleiar ved Oslo universitetssjukehus og tidlegare administrerande direktør i Helse Bergen (2006-2015). Han har bakgrunn som spesialist og professor i kreftmedisin.

 

 

​Kontinuitet og erfaring

Det er elles ingen endringar i styra i Helse Bergen og Helse Stavanger. Styra i dei andre føretaka i Helse Vest er som før. Oversikt over styra i kvar verksemd finst på føretaka sine heimesider.

 
Styremedlemmar i helseføretak blir valde av føretaksmøtet som også skal utpeike styreleiar og nestleiar. Tenestetida for styremedlemmar vil normalt vere to år, men helseføretakslova opnar likevel for at nyval kan finne stad før toårsperioden er omme.

 
- Styra i føretaka i Helse Vest gjer ein viktig og god jobb, og eg er glad for at vi har kontinuitet og så mykje erfaring med oss når vi skal utvikle spesialisthelsetenesta på Vestlandet framover. At vi får tre nye representantar med oss, kvar med solid bakgrunn og forståing for utfordringane vi står framfor, gjer at vi styrkar laget ytterlegare, seier styreleiar i Helse Vest, Terje Vareberg.