Pasientperspektiv i alt vi gjer

Vi veit at mange av pasientane våre ønskjer å ta aktiv del i si eiga behandling, og at eigeninnsats gjer at dei opplever auka grad av myndiggjering og meistring. Det vil vi som sjukehus legge til rette for.

For å forstå kva som er viktig for den einskilde pasient, vil vi lytte til pasienten og dei pårørande. God kommunikasjon er avgjerande for å gi pasientar helsetenester av god kvalitet, for å stimulere til eigeninnsats og gi ei realistisk forventning til kva sjukehuset kan levere.

Erfaringane frå pasientane og dei pårørande gir verdifulle innspel til arbeidet med å forbetre tenestene. Systematisk bruk av tilbakemeldingar må derfor vere ein naturleg del av kvardagen på alle avdelingar.

Helsetenester av god kvalitet betyr også at pasientane får trygge, samordna tenester som følgjer ein plan som er kjend for dei. Dette handlar om samarbeid internt på sjukehuset, samarbeid med kommunehelsetenesta, andre sjukehus, avtalespesialistar og private helsetenester. Vi vil derfor organisere arbeidet ut frå kva som er det beste for pasientane, uavhengig av avdelingar og tenestenivå. Vi trur ny teknologi kan gi pasientane ei betre teneste, enklare kontakt med sjukehuset og frigjere tid til andre oppgåver for helsepersonell.

Vi investerer i bygg, utstyr og infrastruktur for å gi pasientane betre tilbod og bidra til meir effektiv ressursbruk. Nytt barne- og ungdomssjukehus er det største prosjektet i strategiperioden. 

Saman med pasientane og pårørande skaper vi pasientane si helseteneste.

Kva har vi oppnådd innan 2022:

  • Pasientane opplever at dei får god helsehjelp, blir høyrt og får informasjon som sikrar medverknad og myndiggjering
  • Pasientane får helsetenester med høg kvalitet tilpassa deira mål og behov
  • Openheit om behandlingsresultat
  • Pasientskadar er redusert med minst 25 prosent innan 2022
  • Pasientane opplever samanheng i tenestetilbodet i sjukehuset og på tvers av tenestenivåa
  • Standardiserte pasientforløp inkluderer minst 60 prosent av pasientane
  • Ei klårare oppgåvedeling mellom sjukehus, kommunane og dei private habiliterings- og rehabiliteringsinstitusjonane
  • Betre og tidlegare hjelp til barn og unge med samansette behov
  • Forbetra tenestetilbod til storbrukarane slik at dei har mindre behov for sjukehusinnleggingar
  • Det er sett i verk tiltak for å auke levealderen til pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom
  • Forbetra mottaksmodellen for å sikre lokalsjukehustilbodet og frigjere kapasitet i dei høgspesialiserte tenestene
  • Vi prioriterer regionssjukehusfunksjonane, har ei tydelegare funksjonsfordeling og jobbar i team med dei andre sjukehusa i regionen

Kva gjer vi for å nå måla for 2022:

  • Brukarerfaringar er ein fast del av arbeidet med å forbetre tenestene
  • Aukar bruken av pasientrapporterte data i klinisk praksis
  • Vidareutviklar systemet for handtering av avvik for å identifisere og lære av feil
  • Har tilgjengeleg og oppdatert informasjon til pasientar og pårørande som gjer dei i stand til å ta aktiv del i behandlinga
  • Gir opplæring som del av forløpa, og er i front i utvikling og bruk av teknologi slik at pasientane er betre i stand til å meistre eigen sjukdom
  • Vidareutviklar samarbeidet mellom fastlegar og sjukehuslegar for å betre forløpa til pasientane, og sikrar støtte for dette i IKT-systema
  • Lagar standardiserte pasientforløp som sikrar samanheng i tenestetilbodet
  • Vidareutviklar kompetansedeling og samarbeid med kommunehelsetenesta og dei private institusjonane om rehabilitering og habilitering
  • Styrker det forpliktande samarbeidet og legg til rette for integrasjon mellom psykisk helsevern, rus og somatikk
  • Sikrar likeverdig tilgang til somatiske helsetenester for pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom
  • Utviklar forløp for pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester saman med kommunane
  • Sikrar at storbrukarane får tilpassa behandling på rett nivå, basert på analysar av pasientgruppa og deira behov.
  • Sikrar at nasjonale og regionale funksjonar er heilt i front når det gjeld diagnostikk og behandling

 

 


Dei tre andre fokusområda i strategiplanen er:

Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar

Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene

Openheit om prioriteringar