Openheit om prioriteringar

Vi ønskjer å vere opne om kvifor og korleis vi prioriterer. Dette er nødvendig for å få forståing både i og utanfor sjukehuset for vanskelege avgjersler. Ei slik openheit er også viktig for at pasientar, pårørande, medarbeidarar og samarbeidspartnarar skal kunne gi verdifulle innspel til prioriteringane.

Sjukehuset vil bruke dei ressursane samfunnet har stilt til disposisjon på ein best mogleg måte. For å få til dette, treng vi at alle medarbeidarar og leiarar er bevisste på behovet for prioriteringar.

God utnytting av ressursane betyr at vi ser på korleis vi har organisert det samla tilbodet vårt, både lokalt og i regionen. Det handlar om kvar vi gir ulike tenester, korleis oppgåver og ressursar er fordelt i ulike delar av tenesta og i kva rekkefølgje vi gjer oppgåvene.

Prioriteringar skjer også i kvardagen til alle medarbeidarane, der vi må sjå behovet til den einskilde pasienten opp mot behovet til dei mange. Vi brukar kriteria i prioriteringsmeldinga: Jo meir alvorleg ein tilstand er, eller jo større nytte eit tiltak har, jo høgare ressursbruk kan aksepterast.

Innbyggarane skal vere trygge på at sjukehuset har ressursar til å gi helsehjelp av god kvalitet når dei treng det. Vi vil derfor identifisere og fjerne undersøkingar som ikkje gir verdi for pasientane, overbehandling og tiltak som ikkje har dokumentert effekt. Samtidig vil vi prioritere pasientgrupper som har underforbruk av helsetenester. Slik sikrar vi at vi brukar ressursane rett. Vi har tru på å jobbe saman med kommunehelsetenesta og andre aktørar for å gjere felles prioriteringar.

Kva har vi oppnådd innan 2022:

  • Betre samarbeid med kommunehelsetenesta og avtalespesialistar, der vi støttar opp under prioriteringane til kvarandre
  • Den akuttmedisinsk kjeda er tydeleggjort i samspel med kommunane og dei andre sjukehusa i regionen
  • Pasientgrupper som har underforbruk av spesialisthelsetenester er identifisert og tilbodet er justert
  • Overdiagnostisering og overbehandling er redusert, og pasientretta tiltak som ikkje har verdi, er fjerna
  • Bruken av breispektra antibiotika er redusert med 30 prosent innan 2020 og blir halde under dette nivået
  • Ei stabil og sikker infrastruktur
  • Brukstida på areal og utstyr er auka slik at det støttar gode pasientforløp og er tilpassa dei behova pasientane har
  • Tatt ut gevinstar gjennom bruk av regionale og nasjonale selskap som vi eig i lag med andre føretak

Kva gjer vi for å nå måla for 2022:

  • Aukar kompetansen på prioritering og har open dialog om dei vala vi gjer 
  • Tar i bruk verktøy som støttar prioriteringsprosessane
  • Styrker kompetansen hos helsepersonell i å ta kliniske avgjersler
  • Brukar metodevurdering før innføring av nye metodar i rutinebehandlinga
  • Tar i bruk ny teknologi i diagnostikk og behandling der dette gir betre kvalitet og god utnytting av ressursane
  • Samarbeider internt og eksternt om tiltak for å hindre overdiagnostisering, overbehandling og dobbeltrekvirering
  • Avsluttar gamle behandlingstilbod når nye er utvikla
  • Gjer systematiske samanlikningar med andre for å identifisere tiltak som minimerer uønskt variasjon
  • Etablerer samarbeidsarena for sjukehusa i regionen for å få betre funksjonsfordeling til det beste for pasientane
  • Kompetanse, kapasitet og infrastruktur blir systematisk gjennomgått for å sikre beredskap i sjukehuset tilpassa behovet for sikker drift
  • Brukar logistikkunnskap for å planlegge og organisere arbeidsprosessane på tvers av einingar
  • Medverkar i utviklinga av dei regionale og nasjonale selskapa vi eig i lag med andre føretak

 

 
 

 


Dei tre andre fokusområda i strategiplanen er:

Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar

Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene

Pasientperspektiv i alt vi gjer