Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene

Haukeland universitetssjukehus er eitt av fire regionsjukehus i landet. Regionsjukehuset skal vere leiande innan forsking, innovasjon og utdanning for å sikre at vi også i framtida fyller rolla som hovudsjukehus i regionen. Dette krev god infrastruktur og tett samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar, mellom anna i næringslivet. Vi ligg langt framme når det gjeld helseregister, organisering av biobank og teknologiutvikling, og det ligg store moglegheiter i å utnytte dei betre framover.

Utvikling av helsetenestene er avhengig av både den spissa, høgteknologiske forskinga og nyvinningar i dagleg innovasjon og kvalitetsforbetring. Nyskaping og utvikling av tenestene krev kompetanse innan forbetring, innovasjon og grunnleggande forskingsmetodikk.

Spesialisthelsetenesta skal legge vekt på pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk og behandling. Forskinga skal også vise kva nytte og kostnader ulike behandlingsmetodar har og vere til hjelp i prioriteringar. Helsetenesteforsking er sentralt for å undersøke effektar ved endringar i måten vi jobbar på. Eit satsingsområde for forsking og innovasjon er samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og korleis pasientane skal få heilskapelege tenester tilpassa dei behova dei har.

Regionsjukehuset er ein viktig arena for utdanning av helsepersonell. Måten vi legg opp utdanninga, er med på å sikre at vi har helsepersonell som har kompetanse på forsking og innovasjon.

Kva har vi oppnådd innan 2022:

  • 20 prosent av forskingsmidlane er eksterne, 5 prosent av totalbudsjettet går til forsking, og forskingspoenga til sjukehuset er auka til 1000
  • Sjukehuset har det mest etterspurte utdanningsløpet for legespesialister i landet
  • Betre samarbeid med utdanningsinstitusjonar som sikrar utdanning av viktige yrkesgrupper for sjukehuset
  • Talet på innovasjonsprosjekt i sjukehuset er auka
  • Auka helsetenesteforskinga gjennom samarbeid med universitet og høgskular
  • Haukeland universitetssjukehus ligg i front i forsking, har forskingsmiljø som er internasjonalt anerkjent og er tildelt minst eit senter for framifrå forsking
  • Som regionsjukehus er Haukeland universitetssjukehus pådrivar i samarbeidet med dei andre sjukehusa, kommunane og næringslivet i regionen

Kva gjer vi for å nå måla for 2022:

  • Vidareutviklar samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å sikre rett innhald og kapasitet i utdanninga av personell
  • Saman med samarbeidspartnarane våre utviklar, deler og utnyttar vi infrastrukturen til forsking og innovasjon betre
  • Betrar synleggjeringa av forsking og innovasjon internt og eksternt
  • Sikrar at pasientar bidrar i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt
  • Legg til rette for gode utdanningsløp, der vi også gir legar i spesialisering moglegheit for praksis gjennom avdeling for internasjonalt samarbeid og opplæring i forskingsmetodikk
  • Integrerer forsking og innovasjon i klinisk verksemd og utnytter potensialet i at denne er tverrfagleg
  • Legg til rette for forsking og kompetansedeling ved at fleire kan arbeide både i sjukehus og universitet/høgskular
  • Utviklar oss som lærebedrift og tilbyr praksis til ulike yrkesgrupper



Dei tre andre fokusområda i strategiplanen er:

Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidararOpenheit om prioriteringarPasientperspektiv i alt vi gjer