Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar

Sjukehuset er kjent for å gi behandling av høg kvalitet, og er blant dei fremste i landet innan fag og forsking. Denne statusen forpliktar, og er samtidig viktig for å rekruttere og behalde dyktige medarbeidarar. Dei beste fagfolka ønskjer å jobbe i dei beste fagmiljøa.

Tillitsvalde, vernetenesta, medarbeidarane og leiarane medverkar til eit godt arbeidsmiljø som er prega av tillit, openheit og respekt. Det betyr at vi har opne prosessar med respekt for kvarandre sin kompetanse når vi tar avgjersler som får betyding for pasientar og medarbeidarar. Slik byggjer vi tillit. Openheit, respekt og tillit er også grunnlag for gode læringsmiljø der medarbeidarane utvekslar kompetanse og erfaring. Dei same verdiane er viktige i utvikling av modellar for funksjonelle team.

Vi veit at medarbeidarane ønskjer å medverke i utviklinga av sjukehuset og vil ta ansvar for å forbetre tenestene. Arenaer som legg til rette for kommunikasjon og samhandling internt på sjukehuset er nødvendig for involvering og opne prosessar.

Leiarar viser veg i forbetringsarbeidet. Det er derfor viktig å fortsette satsinga på å auke kompetansen hos leiarane, og legge til rette for at dei kan bruke tida si på dei rette oppgåvene.
 
Saman utviklar vi sjukehuset vårt.

 

Kva har vi oppnådd innan 2022:

  • Vi møter pasientar, pårørande og kollegaer med høg kompetanse, respekt og openheit
  • Vi har medarbeidarar som er trygge, trivst og er stolte av arbeidsplassen sin
  • Vi har leiarar som løyser oppgåvene i samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta
  • Forbetringsarbeid er ein del av arbeidskvardagen for alle tilsette
  • Medarbeidarar jobbar i team når det har verdi for pasientane
  • Vi har frigjort tid ved å forenkle pasientadministrative og andre administrative system
  • Som regionsjukehus tar vi initiativ til og er pådrivar i faglege nettverk i regionen

Kva gjer vi for å nå måla for 2022:

  • Utviklar kompetansen hos medarbeidarane og leiarane gjennom heile yrkeslivet
  • Vidareutviklar leiarutdanninga i sjukehuset
  • Vidareutviklar opplæring og trening i kommunikasjon og etikk
  • Styrker rettleiingskompetansen til medarbeidarane for å sikre at vi er ein organisasjon der medarbeidarane lærer av kvarandre
  • Styrker opplæringa i kvalitetsforbetring og HMS-arbeid
  • Evaluerer arbeidsprosessane og forbetrar/forenklar der det er mogleg
  • Utviklar modellar for teamarbeid og gjennomfører simulering og ferdigheitstrening i team
  • Gjennomfører rasjonell arbeidsdeling mellom faggrupper
  • Vidareutviklar intranettet med eit nytt verktøy for informasjonsflyt og samhandling
  • Involverer medarbeidarar i utvikling av IKT-system

Dei tre andre fokusområda i strategiplanen er:

Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenesteneOpenheit om prioriteringarPasientperspektiv i alt vi gjer