Strategi 2017-2022

for Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus

Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga i teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter for diagnostikk og behandling. Det er ei god utvikling. Samtidig må vi førebu oss på at det kan bli knappare ressursar både når det gjeld pengar og helsepersonell i åra som kjem. Det gir oss utfordringar når vi veit at det blir ein stor auke i dei vanlegaste sjukdommane som kreft, psykiske lidingar og infeksjonar, og mange pasientar får fleire sjukdommar samtidig.
 illustrasjon for strategiplan
Helsetenestenester av god kvalitet skal medverke til god helse og livskvalitet, og gjere sitt til at pasientane kan meistre eigen sjukdom. Pasientane skal få ei trygg, heilskapleg og likeverdig behandling med høg kvalitet og effektivitet når dei treng det. Vi må difor sikre at ressursane er rettferdig fordelt , og vere opne om dei prioriteringane vi gjer.

Dei gode fagfolka, den gode klinikar, er ein berebjelke i arbeidet med å skape pasientane si helseteneste. For å lukkast i åra som kjem, må vi rekruttere, utvikle og behalde dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar.

Som eit av fire regionsjukehus i Noreg vil vi vere ein pådrivar i utvikling av tenestane. Det betyr
at vi vil vere heilt i front innan sjukehusbehandling. Dette gjeld for dei regionale og nasjonale funksjonane våre, og for utdanning, forsking og innovasjon som vidareutviklar diagnostikk og behandling.

På bakgrunn av dei utfordringane som ligg framfor oss, har vi løfta fram fire tema i strategien: Pasientperspektivet, medarbeidarane, prioritering og forsking-innovasjon-utdanning. Innføring av ny teknologi og nye måtar å jobbe på er avgjerande for å kunne gi god pasientbehandling i framtida. Forbetringsarbeid er gjennomgripande i dette: Vi vil derfor utvikle ein kultur der medarbeidarar og leiarar saman med pasientane og pårørande forbetrar tenestene. I fellesskap skal vi utvikle sjukehuset med pasientperspektiv i alt vi gjer.

Strategien bygger på dei analysane og måla som er gitt i Nasjonal helse- og sjukehusplan, Helse2035 og andre nasjonale og regionale føringar. Det betyr at strategien ikkje er uttømmande på kva som skal skje i sjukehuset dei fire neste åra, men peiker på dei områda som sjukehuset må arbeide spesielt med.

Meir utfyllande handlingsplanar som gjeld for heile sjukehuset og i enkeltavdelingane, vil bidra til å oppfylle dei måla som er sett.

Fann du det du leita etter?