Kontrollkommisjonane i Helse Bergen

Kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet har som oppgåve å ta vare på rettstryggleiken til pasientane. 

Kontrollkommisjonen behandlar klager på vedtak etter psykisk helsevernlova. Dei skal også føre nødvendig kontroll med pasientane si velferd. Kontrollkommisjonen har faste besøk / møte på dei psykiatriske institusjonane. 

Alle institusjonar, distriktspsykiatriske senter og poliklinikkar i det psykiske helsevernet er tilknytt ein kontrollkommisjon.

Kva kan du klage på? 

Som pasient eller nærmaste pårørande kan du klage på vedtak om:

  • Tvungen observasjon eller tvunge psykisk helsevern (tvangsinnlegging)
  • Vidareføring eller opphøyr av tvunge psykisk helsevern
  • Tvangsvedtak under gjennomføring av psykisk helsevern

Unntak: Klage på tvangsbehandling blir behandla av Helseavdelinga hos Fylkesmannen.

Dine re​ttar

Ingen kan haldast under tvunge psykisk helsevern dersom vilkåra for dette i lova om psykisk helsevern ikkje er til stades. 

Den som har fatta vedtaket, skal fortløpande vurdere om vilkåra er oppfylte, og i motsett fall treffe vedtak om opphøyr (utskriving). Du eller dine nærmaste kan når som helst be om at tvunge psykisk helsevern stansar. 

Du kan klage direkte per telefon, brev eller når kommisjonen er til stades ved institusjonen. Helsepersonell skal ved behov hjelpe til med å skrive ei klage og vidareformidle den.

Kontrollkommisjon Sandviken​

Kontrollkommisjonen for Sandviken har ansvaret for:

  • Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
  • Avdeling spesialisert psykosebehandling
  • Avdeling for stemningslidingar 


Pasientar/pårørende som treng kontakt med leiar for kontrollkommisjonen - Sandviken kan ringe telefon: 55 54 70 70 (sentralbordnummer)

Adresse til leiar av kontrollkommisjonen for Sandviken:
Kontrollkommisjonen for Sandviken Sykehus
Paal-Henrich Berle
Postboks 2026 Nordnes
5817 Bergen

Telefaks: 55 54 70 71

Kontrollkommisjon Haukeland 

Kontrollkommisjonen for Haukeland har ansvar for:

  • Klinikk for sikkerheitspsykiatri
  • Psykiatrisk klinikk sine einingar:  TPM og M2 i Dr. Martens-bygget
  • Psykiatrisk klinikk sine einingar på Haukelandsområdet: Avdeling
    spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri
  • Klinikk psykisk helsevern for barn og unge

Leiar: Haakon Meyer
Telefon: 55 69 39 52

Vara: Knut Einar Skodvin


Pasientar/pårørende som treng kontakt med leiar for kontrollkommisjonen Haukeland kan ringe telefon: 55 95 84 85 (sentralbordnummer).

Adresse til leiar av kontrollkommisjonen for Haukeland:
Kontrollkommisjonen
v/Haakon Meyer
Postboks 7414
5020 Bergen

Kontrollkommisjon Nordhordland, Midthordland og Sotra 

Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midthordland og Sotra har ansvar for avdelingane:

  • Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS)
  • Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS)
  • Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
  • Solli distriktspsykiatriske senter (DPS)​
  • Betanien distriktspsykiatriske senter (DPS)
  • NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus

Bjørn Henning Østenstad er kommisjonens leiar.

Kontrollkommisjon​ Sunnhordland, Hardanger og Voss

Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss har ansvar for:​
  • Valen sjukehus
  • Stord distriktspsykiatriske senter (DPS)
  • Barne og undomspost (BUP) Stord, døgnavdelinga
  • Folgefonn distriktspsykiatriske senter (DPS)​
  • Vaksenpsykiatrisk poliklinikk Voss
  • Bjørkeli psykiatriske senter Voss
​​​Karl Anders Horneland er kommisjonens leiar.​​​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.