Er du som arbeidstakar eller student sjukemeld eller står i fare for å bli det? Da kan fastlegen din, eller andre med tilvisingsrett, tilvise deg til Helse og arbeid.
Formålet med arbeidsretta behandling er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Behandlinga har både helse og arbeid som mål. Med arbeid meiner vi her også skule og utdanning. Dette er eit tilbod til sjukemelde arbeidstakarar og studentar som skal gjere det mogeleg for dei som blir tilviste å kome lettare tilbake i arbeid eller studiar. Det er også eit tilbod til deg som står i fare for å bli sjukemeld og som har ei målsetting om å unngå sjukemelding.
Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.
Kor kan eg få hjelp?
Det finst arbeidsretta tiltak i alle vestlandsfylka, men innhaldet i tiltaka kan variere i dei ulike helseføretaka. I Helse Bergen har vi følgande tilbod:
Psykisk helsevern: eMeistring
Tilbodet er retta mot dei som:
- bur i opptaksområdet til Helse Bergen
- har utfordringar som kan handle om sosial angst, panikkangst eller mild og moderat depresjon
- er sjukemelde frå jobb eller studiar, eller står i fare for å bli sjukemelde
Tilbodet passar ikkje til personar med langvarig nedsett funksjonsnivå grunna psykiske plager og/eller med behov for samansett og langvarig behandling.
Tilbodet omfattar:- Rettleia internettbehandling i eMeistring har vist seg å vere like effektiv for behandling av angst- og depresjonslidingar som ordinær ansikt-til-ansiktbehandling.
Les meir om dette her.
- Rettleia internettbehandling i eMeistring passar for deg som ønskjer å gjere behandlinga på eiga hand, men samtidig ha dialog og rettleiing av ein e-terapeut. Du arbeider sjølvstendig med tekst og oppgåver i behandlingsprogrammet når det passar for deg. Medan du deltek i behandling får du rettleiing i behandlingsprogrammet frå din e-terapeut. Denne dialogen er skriftleg. Behandlinga varer i inntil 14 veker.
- I Helse og arbeid er behandlinga jobbfokusert, og du vil arbeide med modular som er arbeidsretta parallelt med behandlingsprogram for enten depresjon, sosial angst eller panikkliding.
Les meir om eMeistringSomatikk: Muskel- og skjelettlidingar
Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering
Tilbodet er retta mot dei som:
- er sjukemelde i inntil 4-6 månader, studentar og arbeidstakarar
- ofte har vore sjukemelde grunna same helsetilstand knytt til muskel- og skjelettlidingar og smertetilstandar
- står i fare for å bli sjukemelde grunna sin helsetilstand knytt til muskel- og skjelettlidingar og smertetilstandar
Tilbodet omfattar:
- Tverrfagleg utgreiing av sjukepleiar, fysioterapeut og lege.
- Kartlegging av arbeidsstatus, arbeidsfunksjon og hindringar for arbeids-/studiedeltaking
- For aktuelle pasientar; gruppebehandling som inneheld arbeidsfokus
- For aktuelle pasienter; individuelt tilpassa behandling og oppfølging med tiltak for å komme tilbake i jobb/studiar
Samarbeid somatikk og psykiatri
ReHabiliteringsklinikken og Bjørgvin DPS samarbeider i eit prosjekt (ut juni 2021) om heilskapleg arbeidsretta behandling for pasientar som har samtidige helseutfordringar innanfor somatikk og psykiatri. Dette betyr at du som pasient enten ved Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering eller ved Bjørgvin DPS kan få tilbod om avklaring og eventuell behandling ved begge klinikkar. Slik behandling vil vere arbeidsretta og skje samtidig.
Bakgrunnen for prosjektet er at det finst mange pasientar som har både vanlege psykiske helseplager (som angst og depresjon) og muskel-/skjelettlidingar, og målet er at pasienten gjennom samtidig arbeidsretta behandling vil kunne komme raskt tilbake til jobb eller studiar.
Vanlige psykiske helseplager og muskel-/skjelettlidingar utgjer til saman den største gruppa av menneske som blir sjukemelde og dermed står i fare for å miste tilknytinga til arbeids-/studieplassen sin.
Litt om korttidsteamet ved Bjørgvin DPS:
Tilbodet er retta mot dei som:- bur i opptaksområdet til Bjørgvin DPS (Åsane, Arna, Osterøy og Nordhordland)
- har utfordringar som kan handle om moderat angst og depresjon og som kan behandlast innanfor ramma av inntil ti konsultasjonar
- er sjukemeld frå jobb eller studiar, eller står i fare for å bli sjukemeld
Tilbodet omfattar:
Inntil ti ansikt-til-ansiktkonsultasjonar, individuelt eller i gruppe, eller kombinert. Grundig utgreiing for psykiske helseplager både gjennom skjema ein fyller ut på internett og i innleiande konsultasjonar. Ein vil og kunne få tilgang til digitalt hjelpemateriell. Korttidsteamet nyttar ulike behandlingsmetodikkar, dette vil du få meir informasjon om i første konsultasjon.
Korleis går eg fram?
Det er fastlegen din, eller andre med tilvisingsrett, som kan tilvise til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Her blir det gjort ei vurdering om du kan komme raskare tilbake i jobb ved behandling i spesialisthelsetenesta.
For muskel- og skjelettplager sendast tilvising til:
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal
Ryggmottaket: Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen
For psykiske helseplager sendast tilvising, elektronisk eller på papir, til Bjørgvin DPS, seksjon for eMeistring eller Allmennpsykiatrisk poliklinikk/Korttidsteamet:
Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Bjørgvin DPS
eMeistring / Korttidsteamet
Postboks 1400
5021 Bergen
Kontaktinformasjon
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering: tlf. 55 91 85 03
Psykisk helsevern
Bjørgvin DPS seksjon eMeistring: tlf. 55 95 71 79
Bjørgvin DPS: tlf. 55 95 70 00
Prosjekt Helse og arbeid; somatikk og psykiatri
Prosjektleiar Trude Hjortland, tlf. 482 999 16
trude.hjortland@helse-bergen.no