Fritt behandlingsval

Fritt behandlingsval (tidligare fritt sjukehusval) vil seie at ein pasient som blir tilvist til vurdering, undersøking eller behandling i spesialisthelsetenesta har rett til sjølv å velje sjukehus eller behandlingsstad.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Retten til fritt behandlingsval gjeld alle planlagde undersøkingar eller utgreiingar og behandling innanfor fysisk helse (somatikk), psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelbruk.

Fritt behandlingsval gjeld ikkje ved akuttinnlegging / øyeblikkeleg hjelp. 

Tilvising

Ved tilvising til utgreiing / behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset pasienten høyrer til.​

Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus eller distriktspsykiatrisk senter (DPS) som det regionale helseføretaket har avtale med. 

Reiseutgifter

Reiseutgifter til behandling skal dekkast av det regionale helseføretaket i pasientens bustadsregion. Pasienten betaler kun eigendel (kr 135,- kvar veg) om han / ho vel ein spesialist, sjukehus eller eit røntgeninstitutt i eigen helseregion.

For at reiseutgiftene skal bli dekka, er det ein føresetnad at private tenestetilbydarar har inngått avtale med det regionale helseføretaket.

Dersom pasienten vel å reise ut av eigen helseregion for å få behandling, får pasienten høgare eigenbetaling for reisa (kr 400,- kvar veg).

Forskrift om dekking av utgifter v​ed reise for undersøking eller behandlingVelg behandlingsstad (helsenorge.no)


Lov om spesialisthelsetenesta


Vil du vite meir?

Kontakt 800 HELSE (800 43 573) og få hjelp til å finne et behandlingssted. 
Telefonen er åpen alle kvardagar kl. 08:00 – 15:30.

​Pasienthjelparen i Helse Vest

Telefon: 800 41 005

Epost: pasienthjelp@helse-vest.no