Rådgjevande organ for førebyggjande og helsefremjande arbeid

Haukeland universitetssjukehus (HUS) er ein viktig samfunnsaktør for å synleggjere førebyggande og helsefremjande arbeid. Sjukehuset har utvikla strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid med tiltaksområde knytt til rolla som pasientbehandlar, samfunnsaktør og arbeidsplass.

Mykje førebyggande/helsefremjande arbeid vert gjort på HUS, og sjukehuset tek del i Norsk nettverk for helsefremmende sykehus og helsetjenester (Norsk HPH) og bidrar inn mot Norsk HPH sine temagrupper Psykisk helse og Migrantvennlige sykehus. Fagfeltet kjem inn under alle dei fire hovudoppgåvene sjukehuset; pasientbehandling, utdanning av studentar, opplæring av pasientar og forsking. Det er både viktig og naudsynt å halde fokus på dette og gi det naudsynt prioritet i ei krevjande arbeidssituasjon.


Konsekvens

For å ytterlegare integrera det førebyggande/helsefremjande arbeid må ved utvikling av tiltak og tenester i HUS er det ønskjeleg å etablere eit rådgjevande organ for fagdirektøren. Organet bør vera leia av FoU-avdelinga, med tversgåande representasjon frå ulike fagområde samt ønske om representant frå brukarutvalet.


Den førebyggjande/helsefremjande strategien bør i størst mogleg grad integreras i handlingsplanane til den enkelte klinikk. I tillegg bør det førebyggjande/helsefremjande arbeidet som vert gjort verta syneleggjort, mellom anna ved å lage ei eiga temaside på Innsida.

Mandat

Rådgjevande organ for det førebyggjande og helsefremjande arbeid ved HUS rapporterer til Fagdirektør og har følgjande mandat:

  1. komme med framlegg til lokal HPH-handlingsplan innan 01.05.2016. I denne planen må det og vere lagt inn framlegg til kommunikasjon/nettside.
  2. jobbe systematisk for å vidareføre det førebyggjande og helsefremjande arbeidet som vert gjort, samt sikre forankring av arbeidet i helseføretaket.
  3. vera ein bidragsytar til revidering av strategiplanen for Haukeland universitetssjukehus.

Leder for rådet

Geir Lien
Spesialrådgjevar i Psykisk helsevern