Kva er protonterapi?

Protonbehandling er ein type strålebehandling som er viktig for å redusere langtidsbiverknadane frå strålebehandling. Protonbehandling kan være ei meir presis behandlingsform enn konvensjonell strålebehandling hos nokre kreftpasientar. 

Utstyr/maskin for protonbehandling. Foto
 
Ved at strålinga blir betre tilpassa til kreftvevet, blir det gitt mindre stråling til det friske vevet. Det er eit mål å redusere seinskadar så mykje som mogleg, og bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom. Sidan protonbehandling kan være meir skånsam enn ordinær strålebehandling, er den mellom anna godt eigna for barn og unge sidan det friske vevet deira er meir følsomt for stråling og pasientane må leve lenge med seinverknader. Men behandlinga vil også være viktig for vaksne med lang forventa levetid.  

Protonterapi er ei form for partikkelterapi. Partikkelterapi følgjer prinsippa for vanleg stråleterapi. Men i staden for elektromagnetisk (foton) stråling, så brukar ein partiklar: elektronar, protonar (positivt lada hydrogenioner) eller tyngre partiklar (mest brukt er karbon). Partiklar har andre fysiske eiegnskapar som gjer at det friske vevet kan få mindre stråledosar enn når ein nyttar fotonstråling. 

Olav Mella om protonbehandling from Haukeland University Hospital on Vimeo.


Kvifor protonterapi?

Stadig fleire pasientar overlever kreft, men langtidsbiverknadar er eit aukande problem fordi intens medikamentell behandling og stråling vert nytta i behandlinga. Det er viktig å få redusert seinskadene etter behandlinga då desse kan gje livslange konsekvensar. 

Samanliking tradisjonell strålebehandling (til venstre) og protonbehandling (til høgre) av hovud:

Sammenligning protonbehandling og tradisjonell strålebehandling hode. Grafikk

Protonterapi kan gje færre langtidsbiverknadar, noko som er særleg viktig ved behandling av barn og unge. Fleire vil vere i stand til å leve eit normalt liv etter kreftsjukdom, fullføre skule og delta i arbeidslivet. Også for unge vaksne og for vaksne med lang forventa levetid vil behandlinga være viktig.  

Basert på dagens kunnskap reknar ein med at mellom 10 og 15 prosent av pasientane som blir tilvist til strålebehandling vil ha bedre nytte av protonterapi. Dette utgjer om lag 1000-1500 pasientar per år i Noreg.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.