Utdanning

Pasientrekneskap 2017:

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen Helse Bergen har. Ei stor utfordring for føretaket er å tiltrekkje, rekruttere, utvikle, bruke og behalde medarbeidarar med rett kompetanse.

utdanning.foto
Helse Bergen HF satsar på utdanning og opplæring for å sikre rett kompetanse for føretaket i framtida.

Nøkkeltal

  • 3311 studentar
  • 119 lærlingar
  • 92 elevar

Helse Bergen HF er godkjent som utdanningsinstitusjon for 41 fagspesialitetar i medisin. I 2017 hadde sjukehuset 491 legar og 68 psykologar i spesialisering. Totalt 76 turnuskandidatar i medisin og fysioterapi hadde tenesta si på sjukehuset.

Helse Bergen HF satsar på utdanning og opplæring for å sikre rett kompetanse for føretaket i framtida. Føretaket har dei siste åra utvikla ein god infrastruktur som støttar opp om oppgåvene knytt til utdanning og opplæring. E-læring er ein integrert læringsmetode i føretaket. I 2017 gjennomførte medarbeidarane 25.213 e-læringskurs og 11.254 klasseromskurs (inkl. praktisk brannvern) i regi av føretaket.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.