Forsking

Pasientrekneskap 2017:

Gjennom forskinga vår sikrar vi deg stadig betre og meir moderne behandling. Vi har Noregs nest største medisinske og helsefaglege forskingsmiljø.

lab.prøver.foto
Resultat frå forskings- og innovasjonsverksemda er sentrale for å kunne vidareutvikle helse- og omsorgstenestene og ta i bruk nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi.

Nøkkeltal

  • 530 millionar kroner til forsking i 2017
  • 40 doktorgrader 
  • 763 forskarar 
  • 753 vitskaplege publikasjonar
Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskingsmiljø innan medisin og helsefag. 
Forskingsaktiviteten omfattar klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye legemiddel og nye behandlingsformer, langsiktig epidemiologisk forsking, og forsking for å dokumentere kort- og langtidseffektar av pasientbehandling.

Resultat frå forskings- og innovasjonsverksemda er sentrale for å kunne vidareutvikle helse- og omsorgstenestene og ta i bruk nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi. Styrkt samhandling mellom helsetenesta, akademia og næringslivet er også viktig.

Sentralt i strategien står tema som persontilpassa medisin, biobankar og auka tilrettelegging og infrastruktur for kliniske behandlingsstudiar.
Gå til fag- og forskingssidene




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.