Utdanning

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen Helse Bergen har. Den største utfordringa til føretaket er evna til å tiltrekkje, rekruttere, utvikle, bruke og behalde medarbeidarar med rett kompetanse.

Nøkkeltal utdanning 2016

Studentar og lærlingar

I 2016 hadde meir enn 2 800 studentar frå ulike fag og profesjonar praksisstudiar hos oss.

Dei 150 lærlingane har gjennomført praksisstudiar innanfor helsearbeidarfaget, ambulansefaget, logistikk, institusjonskokk og automatikk. Haukeland har også eigne TAF-helselærlingar. Dette er elevar som i løpet av eit 4-årig studium får både fagbrev som helsefagarbeidar og spesiell studiekompetanse innanfor realfag.

Vi har hatt studenter innan mellom anna medisin, spesialsjukepleie, psykologi, jordmorstudiar og fysioterapi.

Universitet, høgskular og fylkeskommunen er alle viktige samarbeidspartnarar innafor utdanning.

Helse Bergen er tildelt regionalt utdanningssenter (RegUt) for å ta hand om utdanningsaktivitetar for legar i spesialisering.

Kompetanseheving

Føretakets kompetansestrategi gjev retning for å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid og bidra til ei berekraftig helseteneste.

Helse Bergen satsar på utdanning og opplæring for å sikre rett kompetanse for føretaket i framtida. I 2016 vart det gjennomført 727 kursdagar på Bikuben kurs og konferansesenter og 35.847 e-læringskurs, i regi av føretaket.

Det har vore variert klinisk undervisning, men også særskild fokus på utvalde sentrale tema som til dømes pasienttryggleik, etikk og kommunikasjon, elektronisk kurve og leiaropplæring.