Pasientbehandling

Nokre pasientar blir innlagt på sjukehuset, andre får dagbehandling og dei fleste møter til avtalte enkelttimar for undersøking, behandling eller kontroll. Til saman vart dette om lag 900 000 pasientmøter i 2016. 

Nøkkeltal pasientmøte 2016

Pasientmøtene fordeler seg slik:

Somatikk:
 
Sum døgnopphald: 86 392
Sum dagbehandling: 27 283

Polikliniske konsultasjonar:  508 252

Psykiatri:
Psykisk helsevern for vaksne:
Utskrivingar, døgnbehandling: 4 698
Opphaldsdagar, dagbehandling: 2490
Polikliniske konsultasjonar:  82 533

Psykisk helsevern for barn og unge:
Utskrivingar, døgnbehandling: 317
Polikliniske konsultasjonar: 63 902

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling:
Opphaldsdøgn: 18 420
Polikliniske konsultasjonar: 54 351

Våre tilsette

Alle pasientmøter inkluderer ein eller fleire tilsette. På Haukeland er det vel 12 000 tilsette. 74,4 prosent er kvinner og 25,6 prosent er menn.

Nøkkeltal 12000 tilsette 2016

Prioritering av pasientar 
Eit sentralt oppfølgingspunkt er korleis dei ventande pasientane vert prioriterte. Vi bruker prioriteringsforskrifta som ein viktig reiskap til å prioritere dei rette pasientane innanfor dei rammene som er gitt. Prioriteringsforskrifta skildrar kven som har rett til nødvendig helsehjelp. Intensjonen med forskrifta er at dei alvorlegaste sjuke skal ha høgast prioritet, slik at ein sikrar helsehjelp til dei som treng det mest.