Forsking

Gjennom forskinga vår sikrar vi deg stadig betre og meir moderne behandling. Vi har Noregs nest største medisinske og helsefaglege forskingsmiljø.

Nøkkeltal forsking 2016

Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskingsmiljø innan medisin og helsefag. Forskingsaktiviteten omfattar klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye legemiddel og nye behandlingsformer, langsiktig epidemiologisk forsking, og forsking for å dokumentere kort- og langtidseffektar av pasientbehandling.

Resultat frå forskings- og innovasjonsverksemda er sentral for å kunne vidareutvikle helse- og omsorgstenestene og ta i bruk nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi. Styrkt samhandling mellom helsetenesta, akademia og næringslivet er også viktig.

Sentralt i strategien står tema som persontilpassa medisin, biobankar og auka tilrettelegging og infrastruktur for kliniske behandlingsstudiar.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.