Utdanning

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen Helse Bergen har. Den største utfordringa til føretaket er evna til å tiltrekkje, rekruttere, utvikle, bruke og behalde medarbeidarar med rett kompetanse.


Studentar og lærlingar

I 2015 hadde meir enn 2 500 studentar frå ulike fag og profesjonar praksisstudiar hos oss. 

Dei 97 lærlingane har gjennomført praksisstudiar innanfor helsearbeidarfaget, ambulansefaget, logistikk, institusjonskokk og automatikk. Haukeland har også eigne TAF-helse lærlingar. Dette er elevar som i løpet av eit 4-årig studium får både fagbrev som helsefagarbeidar og spesiell studiekompetanse innanfor realfag. 

Vi har hatt studenter innan mellom anna  medisin, spesialssjukepleie, psykologi, jordmorstudiar og fysioterapi.

Universitet, høgskular og fylkeskommunen er alle viktige samarbeidspartnarar innafor utdanning.



​​

Kompetanseheving

I 2015 er det vedtatt ein kompetansestrategi som gjev retning for å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid og bidra til ei berekraftig helseteneste.

I 2015 vart det gjennomført 602 kursdagar med totalt 13107 deltakarar. I tillegg vart det gjennomført 29825 e-læringskurs.

For å styrkje kapasiteten og kvaliteten på kursverksemda i føretaket er det i 2015 tatt i bruk eit nytt kurs- og konferansesenter​ og eit nytt ferdigheitssenter. Begge desse sentra er særs viktige bidrag til å sikre god trening og undervisning av helsepersonell.

Som del av kompetansestrategien har det i 2015 i tillegg til klinisk undervisning vore eit særskild fokus på kompetanse innanfor følgjande tema; etikk og kommunikasjon, elektronisk kurve, leiing og samhandling. 



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.