Pasientbehandling

Nokre pasientar blir innlagt på sjukehuset, andre får dagbehandling og dei fleste møter til avtalte enkelttimar for undersøking, behandling eller kontroll. Til saman vart dette om lag 800 000 pasientmøter i 2015.

Pasientmøtene fordeler seg slik:

Somatikk

Elektive (planlagte) opphaldsdøgn: 28 435
Øyeblikkeleg hjelp (ØH) opphaldsdøgn: 58 121

Elektive dagopphald: 29 573
ØH dagopphald: 515
Polikliniske konsultasjonar: 496 747
Totalt: 613 391 pasientmøter i somatikken​



Psykiatri

Vaksenpsykiatri
Opphaldsdøgn:4683
Dagbehandling: 3422
Polikliniske konsultasjonar: 87470
Barne- og ungdomspsykiatri:

Opphaldsdøgn: 317
Dagbehandling: 317
Polikliniske konsultasjonar: 62 511

Totalt: 158 720 

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Opphaldsdøgn: 396
Dagbehandling: 124 
Polikliniske konsultasjonar: 38 124

Totalt: 38 644

Våre tilsette


Alle pasientmøter inkluderer ein eller fleire tilsette. På Haukeland er det om lag 12 000 tilsette. 74 prosent er kvinner og 26 prosent er menn.

Prioritering av pa​​sientar 

Eit sentralt oppfølgingspunkt er korleis dei ventande pasientane vert prioriterte. Vi bruker prioriteringsforskrifta​ som ein viktig reiskap til å prioritere dei rette pasientane innanfor dei rammene som er gitt. Prioriteringsforskrifta skildrar kven som har rett til nødvendig helsehjelp. Intensjonen med forskrifta er at dei alvorlegaste sjuke skal ha høgast prioritet, slik at ein sikrar helsehjelp til dei som treng det mest.​​