Opplæring av pasientar og pårørande

I opplæringa av pasientar og pårørande er målet at du skal bli sjølvstendig, føle deg trygg og klare å meistre eige liv.

Kompetanse om eigen sjukdom og tilstand er ein føresetnad for å gjere rette val og meistre sjukdom eller funksjonsnedsetjing. Omfanget av kroniske sjukdommar aukar i Noreg og stadig fleire menneske lever med plager som ikkje kan lækjast. I arbeidet med opplæring av pasientar og pårørande er det eit mål å fremme sjølvstende, tryggleik og evne til å meistre sitt eige liv.

I all pasientopplæring er det eit viktig mål å trekkje inn erfaringsbasert kunnskap og den erfaringa som brukarorganisasjonane har.

Opplæring av pasientar og pårørande går i stor grad føre seg i dei ulike avdelingane på sjukehuset og er ein integrert del av behandlinga, både i éin-til-éin samanheng og i grupper. Det blir gjennomført mange gruppebaserte opplæringstilbod til pasientar og pårørande på dei distriktspsykiatriske sentra (DPS`a). Psykiatrien har til dømes lang tradisjon på å bruke gruppebaserte tiltak som ein del av behandlinga. Haukeland har også eit Lærings- og meistringssenter i samarbeid med Haraldplass Diakonale Sjukehus. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.