Forsking

Gjennom forskinga vår sikrar vi deg stadig betre og meir moderne behandling. Vi har Noregs nest største medisinske og helsefaglege forskingsmiljø.

Illustasjon3_forsking.jpg

Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskingsmiljø innan medisin og helsefag. Forskingsaktiviteten omfattar klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye legemiddel og nye behandlingsformer, langsiktig epidemiologisk forsking, og forsking for å dokumentere kort- og langtidseffektar av pasientbehandling.

I åra som kjem vil det vere endringar i befolkninga sitt sjukdomsbilde og demografi. Utviklinga av nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi gjer at helse- og omsorgstenestene må vidareutviklast basert på resultat frå forskings- og innovasjonsverksemda. Som følgje av dette blir det arbeidd aktivt med å følgje opp regjeringa sin HelseOmsorg21-strategi. Målsetjinga er styrkt samhandling mellom akademia, helsetenesta og næringslivet.

Sentralt i strategien står tema som persontilpassa medisin, biobankar og auka tilrettelegging og infrastruktur for kliniske behandlingsstudiar.


 

Utprøvingseininga

Utprøvingseininga ved Haukeland universitetssjukehus er, saman med Oslo universitetssjukehus, ein leiande utprøvingsstad i Noreg. På eininga vert det prøvd ut legemiddel som ikkje tidlegare er prøvd ut på menneske. Pasienttryggleik er i fokus i heile forskingsprosessen frå planlegging til sluttføring. 

Det er ikkje meldt om pasientskadar på sjukehuset si utprøvingseining, noko som er eit resultat av langsiktig arbeid med pasienttryggleik. Statens legemiddelverk gjennomførte hausten 2015 tilsyn med utprøvingseininga for vaksne. Tilsynet var svært tilfreds med korleis pasienttryggleiken er ivareteken, prosedyrar og organiseringa av kliniske behandlingsstudiar ved Haukeland universitetssjukehus.​​