HELSENORGE

Organdonasjon reddar liv

Å donere organ betyr å gi eitt eller fleire organ til ein annan person. Å snakke om organdonasjon kan redde liv. Éin avdød donor kan redde opptil sju liv.

Lege holder pasient i hånden. Foto med tekst: Organdonasjon - en mening i det meningsløse
Foto: Melkeveien / Helse Sør-Øst RHF

Organ som kan donerast er hjarte, lever, bukspyttkjertel, lunger og nyre.
Organdonasjon kan skje frå ein person som nyleg er død, eller frå ein levande donor (familiedonasjon). Levande givar blir nytta i Noreg berre ved nyretransplantasjonar.

Korleis bli organdonor?

​Viss du ynskjer å vere organdonor, er det viktig at dine næraste pårørande kjenne til det. Det er viljen din til organdonasjon som gjeld.

Du kan òg fylle ut eit donorkort, som er ei stadfesting på at dine næraste er informert. Dette kan du gjera ved å:

På kortet og i applikasjonen fører du opp namnet på to personar som er informert om standpunktet ditt. Desse kan til dømes vere familie, vener, kollegaer, fastlege eller naboar, og må vere over 18 år.

Til ei kvar tid står det fleire hundre menneske på venteliste for eit nytt, livreddande organ i Noreg. Organdonasjon er for mange menneske einaste utveg frå ein dødeleg sjukdom.
 

Kven kan bli organdonor?

​Alle kan seie ja til organdonasjon, uavhengig av sjukdomar, alder eller medisinbruk. Skulle donasjon bli aktuelt, vil det gjerast ei medisinsk vurdering for å sjå om organa er eigna for transplantasjon.

Meir informasjon om organdonasjon:


Fann du det du leita etter?