Om nettstaden

Ansvarleg redaktør

Erik Vigander, Kommunikasjonsdirektør

Redaktør fag- og pasientinformasjon

Martha Ebbing, Fagdirektør

Nettredaktør

Fredrik Lorentzen

Bilde / foto på helse-bergen.no​

Alle bilda vi nyttar på nettsidene våre er tatt med det føremålet at dei skal brukast på helse-bergen.no. Alle menneska som er avbilda har gitt sitt samtykke til det. 

Kommunikasjonsavdelinga eig alle bilda og ta gjerne kontakt med oss viss du ønskjer å nytte eitt av dei. Dei aller fleste bileta er tatt av tilsette ved Kommunikasjonsavdelinga, men vi bruker og nokre bilete frå eksterne fotografar​. Nokre bilder på nettstaden er og frå Colourbox. 

Nettsider på nynorsk

Kultur- og kyrkjedepartementet har vedtatt at helseføretaka fell inn under Lov om målbruk i offentleg teneste. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Haukeland universitetssjukehus har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, der i blant pasientar og pårørande, skal vere på nynorsk. Det gjeld også nettsidene våre. ​​

Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta

Alle helseføretak på tvers av landets fire helseregionar har no ei felles publiseringsløysing for sine nettstadar. Alle helseføretaka har eigen nettstad, men nettstadane er ein del av felles nettløysing for spesialisthelsetenesta.

Løysinga inneber at helseføretaka har fått felles design og struktur og kan dele informasjon på tvers av nettstadane. Eit helseføretak kan bestå av fleire sjukehus, distriktsmedisinske senter og behandlingsstadar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling. I tillegg til sjukehusa, er også alle regionale helseføretak, sjukehusapoteka og IKT-selskap ein del av felles nettløysing.

Felles innhald

Deling av informasjon på tvers av helseføretak er sentralt i felles nettløysing. Informasjon om behandlingsmetodar og pasientforløp blir utvikla nasjonalt og alle helseføretak kan bruke den same informasjonen. Slik får pasientar den same behandlingsinformasjonen uavhengig av geografisk tilhøyrsle.

For at pasientar og pårørande også skal få informasjon som gjeld eiget helseføretak, blir den nasjonale behandlingsteksten sett saman med lokal informasjon. Du får praktisk informasjon om behandlingsstaden, informasjon om transport, avdelingar, kontaktinformasjon, oppmøtestad og arrangement. I tillegg er diagnoseinformasjon frå helsenorge.no integrert i behandlingsinformasjonen.

Behandlingsinformasjonen er også kopla opp mot aktuelle behandlingar i «Velg behandlingssted» som viser ventetider for utgreiing og behandling.

Produksjon og vedlikehald av felles innhald

All informasjon som kan delast, blir publisert i eit eiget område for fellesinnhald. Frå dette området kan helseføretaka hente ut informasjonen dei ønskjer og fylle ut teksten med informasjon frå eige helseføretak.

Fellesinnhaldet blir vurdert kontinuerleg. Alle helseføretak kan komme med innspel til endringar og forbetringar, og alle føretaka er involvert i endringsprosessen som blir koordinert frå sentralt hald. I tillegg vil all behandlingsinformasjon gjennomgå fast vedlikehald annakvart år.

Kvalitetssikra behandlingsinformasjon

All felles behandlingsinformasjon er godkjent av fagpersonar ved føretaket som produserer innhaldet. Når ein felles tekst blir brukt av eit anna føretak, blir informasjonen på ny vurdert av fagpersonar ved dette helseføretaket. Du kan derfor vere trygg på at den informasjonen du les på denne nettstaden er kvalitetssikra og godkjent. All informasjon har ein fagleg ansvarleg (namn) og eit ansvarleg helseføretak.

Fellesinnhald blir levert av alle helseføretak og universitetssjukehusa står for den største produksjonen. På denne måten vil også helseføretak som har liten produksjon av behandlingsinformasjon, kunne bruke fellesinnhald og dermed gi pasientane sine informasjon om behandlingar ved eigen behandlingsstad.

Redaktøransvar

Helseføretaka har redaktøransvar for sine nettstadar. Alle førespurnader om nettstadens innhald skal gå til det aktuelle føretaket.

Rettar til tekstar, bilde og video

Du kan hente tekstar frå nettstaden, men vi ber om at helseføretaket blir oppgitt som kilde når tekstar blir nytta i andre samanhengar.

Du kan ikkje utan vidare bruke bilder og video frå helseføretakets nettstad på grunn av rettar til bilder og video. For bruk av bilde og video til media eller i andre samanhengar, kontakt kommunikasjonsavdelinga ved helseføretaket.

Nasjonalt redaksjonsråd

Endringar og vidareutvikling av felles nettløysing blir prioritert av Nasjonalt redaksjonsråd for spesialisthelsetenesta. Her er kvar av dei regionale helseregionane representert, saman med webredaktørar frå fire helseføretak (sjukehus). Direktoratet for e-helse har ansvar for drift og vidareutvikling av løysinga, etter prioriteringar gitt av nasjonalt redaksjonsråd.

Artiklar

  • Personvern

    Personvern handler her om hvordan nettsiden samler inn og bruker informasjonen fra de som besøker nettstedet.

  • Informasjonskapslar

    Dette nettstedet benytter informasjonskapsler for å velge språk og samle inn statistikk. Informasjonskapsler kan spore internettbruken din, men vi lagrer aldri informasjon som kan identifisere deg personlig.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.