Kva du bør ta med deg til sjukehusopphaldet

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte.

  • ​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast.
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli igjen heime.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet.

Er du avhengig av førarhund kan du ta kontakt med Resepsjonen i Sentralblokka på tlf. 55 97 20 00. Dei har moglegheit til å ta vare på hunden for eksempel i samband med ein poliklinisk time.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.