Per Christian Vatn

Kunst på Haukeland

Ifølge Norsk kunstnerleksikon markerte Per Christian Vatn seg alt frå si første separatutstilling, "blant 80-årenes mer fremtredende nyfigurative malere".

Ikkje så rart då at Haukeland engasjerte Vatn til å delta med eit tjuetals arbeid under den store utsmykkinga av Sentralblokka på midten av nemnde tiår. Kunstnaren er òg representert både i Nasjonalmuseet, Bergen Billedgalleri (i dag: KODE) og Museet for samtidskunst.

måleri.kvinne i båt. foto.

Kvinne i båt (h120 cm/b250 cm). Foto: Øystein Fykse

Bileta hans heng forskjellige stader rundt omkring på sjukehuset – for det meste i Sentralblokka, medan nokre står lagra og atter andre er flytta på. Eit eksempel på det siste er det store oljemåleriet Kvinne i båt  – eit omdiskutert måleri som lenge hang bortgøymd i eit mørkt hjørne av kantina, men som under ombygging av denne vart teke ned, og som no har fått nytt liv i Bikuben kurs- og konferansesenter. Vonde tunger ga måleriet tilnamnet «Likkista», og med dét er vi inne på grunnen til dei ulike assosiasjonane biletet skapte; mange fann det dystert og ikkje passande i eit område kor både pasientar og pårørande oppheldt seg. I Bikuben, kor kunstverket har hengt sidan september 2015, har det ikkje vekt sterke reaksjonar, tvert om – blant tilbakemeldingane er denne: «biletet har flotte, fine fargar som formidlar ei fin ro».

Kunstutvalet har på lager to fargerike Vatn-bilete som snart kjem opp på ein dertil eigna sjukehusvegg for å live opp miljøet. Det er måleria under. 

måleri oppstilling. foto.

Oppstilling. Foto: Katrine Sunde

måleri to gutter sparker  ball. foto.

To gutter sparker ball. Foto: Katrine Sunde

September 2018.
For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom.