Kunst på Haukeland: Alf Rongved

Kunstnaren Alf Rongved (1924-2015) vart fødd i Førde, men vaks opp i Bergen, nærmare bestemt i Birkeveien på Landås.

Kunstnaren Alf Rongved

Kunstnaren Alf Rongved (1924-2015). Foto: Ståle Melhus.

​Han tok si kunstutdanning m.a. ved kunst-og handverksskulane i København og Bergen (kor han òg verka som lærar i 22 år) og ved Vestlandske kunstakademi.

Alf Rongved arbeidde både som bilethoggar og målar, men det er nok som keramikar han er best kjend, og då i tospann med kona si – Kari, som han gifta seg med i 1945. Med verkstad, fyrst på Storetveit, sidan på Paradis, produserte dei brukskunst som vart svært populær og som selde godt. Samstundes var dei del av eit ungt og radikalt keramikarmiljø i Bergen i etterkrigstida, og vart rekna som trendsetjarar innan brukskunst. Trass stor etterspurnad var det viktig for dei både å kunne stå inne for den kunstnariske kvaliteten og å «eige» produkta sjølve; difor takka dei m.a. nei til eit tilbod om masseproduksjon i USA.

I tillegg til brukskunst har Alf Rongved signert ei rekke utsmykkingsoppdrag landet rundt, men særleg på vestlandet – på Stord lærarskule heng eit fem meter høgt og over eitt tonn tungt keramikkarbeid, og der er utsmykkingsarbeid på skular i Strandebarm , Åkrehamn og Voss så vel som på Sælen skole i Fyllingsdalen. I Kyrkjeparken ved Lindås kyrkje står det ein minnestein over heile Nordhordlands Aslaug Låstad Lygre – den er utsmykka med eit portrettrelieff i bronse laga av Alf, og ved inngangen til nye Fana kulturhus (opna 2009) vert ein møtt av hans bronsestatue «Fanajenten» – for å nemne ein liten del av Alf Rongveds store produksjon.

Her på Haukeland er vi så heldige å ha heile to kunstverk til glede for både pasientar, gjestar og tilsette. Det mest iaugefallande er veggrelieffet "Liv og lyst", som heng i vestibylen på Haukeland hotell. Det er datert 1980 og har plakett med påskrifta: «Gratulerer med Haukeland hotell. August 1998. Totalentreprenør Selmer ASA»

Til billedtekst:Liv og lyst. ca h110 cm/b150 cm

Liv og lyst. ca h110 cm/b150 cm. Foto: Øystein Fykse

På Hjarteavdelinga i Sentralblokka heng «Blomsterpike» - eit mykje nyare arbeid, datert 2006, også dette gitt i gåve.

Blomsterpike. Hjarte 2, vest

Blomsterpike. Hjarte 2, vest. Foto: Øystein Fykse

Fanaposten 27. februar 2015:
I 1994 bygget Alf og Kari et flott atelier ute i hagen, og her tilbrakte Alf mange timer i dyp konsentrasjon. En av hans store ledestjerner innen kunsten var Picasso. Men også musikken var sentral inspirasjonskilde mens Alf arbeidet. En av sønnene spurte en gang hva slags musikk han likte å høre på da han malte. «Når jeg maler akvareller må jeg høre klassisk fiolinmusikk, men når jeg tegner kulltegninger må det være tuba», svarte Alf.

Les meir om Alf Rongved.