Kompetansestrategien til Helse Bergen

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen Helse Bergen har. Kompetansestrategien til Helse Bergen skal gi retning for korleis føretaket skal vedlikehalde, utvikle og tilpasse kompetansesamansetninga i framtida.

Strategien opererer med eit perspektiv mot 2030. 

Kompetansestrategien (pdf) 

Hovudmålsettinga er å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid og bidra til ei berekraftig helseteneste. 

Vår viktigaste strategiske utfordring er evna vår til å tiltrekkje, rekruttere, utvikle, bruke og behalde medarbeidarar med rett kompetanse.

Fem innsatsområder i strategien 


  1. Læring utvikling og forsking
  2. Rekruttere og behalde medarbeidarar
  3. Brukarmedverknad
  4. Kapasitet og oppgåveløysing
  5. Samhandling


Fann du det du leita etter?