Leiar Torhild Vedeler i den nye gymslaen i Energisenteret.
- 70 millioner kroner frå Trond Mohn gjorde det mogeleg å starte bygginga saman med bidrag frå andre givarar som henta inn 30 millioner kroner. I tillegg har Mohn bidratt med midler til å utstyre to laboratorier for hjerte-lunge-testing. Når vi i vår åpner Energisenteret, gjør dette at vi er godt rusta til å ta i mot barn og unge, seier leiar Thorhild Vedeler.
Altfor få barn og unge med sjukdom eller skade får utnytta dei moglegheitene dei har til fysisk aktivitet. På senteret skal dei bli stimulert til å få realisert sitt fysiske potensial på ein trygg og god måte.
Les meir om Energisenteret for barn og unge
Svømmehall og idrettshall
I ein stor idrettshall med tribune blir det lagt til rette for allsidig aktivitet heile veka frå morgon til kveld. Her kjem det eit 25 meter langt svømmebasseng med tilhøyrande varmtvassbasseng.
Meistring og fellesskap
Målet er at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. All som har relasjonar til eller oppgåver knytt til primærbrukarane kan også bruke senteret. Det kan vere familie, vener, helsepersonell, brukargrupper, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar.
Forsking, formidling og samarbeid
Energisenteret skal bidra til å opparbeide ny kunnskap om effekt av trening og fysisk aktivitet, og vil innehalde areal for diagnostikk, behandling, rehabilitering, habilitering, undervisning og forsking. Senteret skal bidra til å utdanne trenarar, lærarar, fysioterapeutar, helsesøstrer og andre som har nytte av å lære meir om fysisk aktivitet for barn og unge. Målet er å få meir kunnskap om korleis ein kan lukkast med å integrere barn og unge med kroniske sjukdommar og ekstraordinære behov, og dele denne kunnskapen med andre. Senteret vil invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag og pasientorganisasjonar.