Testar ut angstbehandling på nett for unge

Er behandling via internett framtidas måte å bli kvitt angst på for unge? Det skal ein ny pilot i Helse Bergen finne ut.

Prosjektleiar og psykologspesialist Linda Helen Flygel Knudsen i Helse Bergen og klinisk sosionom Liv Marit Kleppe.

Prosjektleiar og psykologspesialist Linda Helen Flygel Knudsen i Helse Bergen og klinisk sosionom Liv Marit Kleppe.

Angst er blant dei vanlegaste psykiske lidingane hos barn og unge, men berre 1 av 4 mottar profesjonell hjelp for plagene sine.

– Mange ungdommar får ikkje hjelp i det heile tatt. Lang reiseveg til nærmaste behandlingsstad er ei utfordring i Noreg. Andre opplever det stigmatiserande å skulle gå til behandling. Behandling via nett kan derfor bidra til å auke tilgangen på profesjonell og effektiv hjelp. Truleg vil dei unge oppleve det som meir brukarvennleg òg, seier prosjektleiar og psykologspesialist Linda Helen Flygel Knudsen i Helse Bergen.

Ho er prosjektleiar for pilotstudien der ungdom testar internettbehandling for angst. No skal dei altså finne ut om hypotesane er rett.

Prosjektgruppa består av:

Tine Nordgreen
Liv Kleve
Gro Janne Wergeland
Linda Helen Flygel Knudsen

Tilbodet er hos Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)



Pålogga behandling

Programmet Chilled Out er utvikla i Australia, og består av åtte behandlingsmodular som inkluderer tekst, video og oppgåver. Programmet har nyleg blitt omsett til norsk, og illustrasjonsvideoane er spelt inn med norske ungdommar og norsk helsepersonell som aktørar. Pasientane som deltek får instruksjon om å gå gjennom ein modul i veka. Dei får også utlevert eit arbeidsark som skal fyllast ut for hand som ledd i arbeidet med tema i dei ulike modulane.

Er dei unge heilt overlatne til seg sjølve i denne behandlinga?

– Nei, ein gong i veka ringer behandlar til pasienten for oppfølging. Då vil dei diskutere eventuelle problem knytt til forståing av innhaldet eller korleis dei skal bruke teknikkane som blir presentert i programmet. Behandlaren vil også i denne samtalen observere symptom på angst og framgang i behandlinga, fortel prosjektleiaren.

Funkar det?

Helse Bergen er godt i gang med studien, men foreløpig er det berre tre ungdommar som har fullført behandlinga. Andre held på no og nokon få har droppa ut. Alle pasientane er i aldersgruppa 13 -16 år.
Liv Marit Kleppe er klinisk sosionom, og ein av behandlarane som testar ut internettbehandlinga. Foreløpig synest ho behandlinga ser ut til å verke – for dei som fullfører.

– Vi ser at dei som fullfører har god effekt av denne behandlinga. Dei lærer mykje om angsten sin, om kva som triggar den, og dei får strategiar og kunnskap til å eksponere seg for det som skaper angst. Dei blir friskare, så for desse ser det ut til at behandlinga fungerer.

Kven er dei som fullfører?

– Foreløpig ser det ut til at dette gjeld den eldste aldersgruppa. For å kunne utsetje seg for den tøffe behandlinga som angstbehandling er, må du kunne setje deg tydelege mål. Dette trur vi er enklare for dei eldste. Vi ser også at denne behandlingsforma stiller ekstra krav til pasienten om at dei er motiverte nok til å jobbe så pass sjølvstendig som opplegget krev.

Kvifor droppar nokon ut?

– Det er litt fleire som avsluttar internettbehandlinga enn ved vanleg behandling på poliklinikk, men pasientar hoppar også av der av ulike grunnar. Men det er nok ikkje fullt så forpliktande å gjennomføre ei økt framfor eigen skjerm som det er å troppe opp på poliklinikken til ein time, trur prosjektleiar Linda.

På grunn av strenge personvernregler i Noreg kan de ikkje be ungdommane om å svare på oppgåver digitalt. No må de gjennomgå desse via telefon. Er ikkje det litt tungvint?

– Jau, hadde vi kunne lese svara undervegs ville vi som terapeutar fått ei mykje betre forståing av problema pasientane har. No må vi sitje med kvart vårt skjema over telefon, og dei kompliserer både relasjonen og forståinga, seier behandlar Liv Marit.

Framtidas behandling?

Liv Marit er likevel overtydd om at dette ei behandling for framtida.
– Dette passar ikkje for alle, men for dei det passar for fungerer det veldig bra. Eg trur det er viktig med eit breidt spekter i behandlingsalternativa, og samstundes vere opne om kva slags avgrensingar som ligg i eit slikt alternativ.

Internettbehandling er billigare og meir effektiv – både for behandlar og pasient?

– Ja, heilt klart. Vi ser at behandlarane bruker om lag halvparten av tida dei ville brukt på kvar samtale, samanlikna med om pasienten kom på ein poliklinisk samtale. I tillegg er det jo eit samfunnsøkonomisk spørsmål å sleppe reiseveg og fråvær frå skule, seier Linda.

Unge i dag har vakse opp med skjermar. At dei dermed er meir mottakeleg for internettbehandling enn generasjonane over meiner prosjektleiaren bidreg til at dette blir ein del av framtidas behandlingstilbod.

– Ja. Ungdom er vande med å bruke skjerm, dei søkjer informasjon der og er vande med å bruke internett til alt. Dette er framtida, og vi kjem nok til å sjå digitalisering av fleire behandlingstilbod framover, avsluttar Linda.

Studien blir avslutta i 2019.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.