Femur er kroppens største knokkel

Er du ung og brekk skaftet på lårbeinet (femur), har du mest truleg vore utsett for eit kraftig traume. Beinet er eit rørbein og skaden kan føre til kraftige blødingar. Brotet må opererast, ofte med plate og skruer då det ofte er svært ustabilt. Bli med inn på operasjonsstova: Reparasjon av lårbrot.

Foto av operasjonssal

Det er stor aktivitet like før operasjonsstart, du registrerer ingenting.

 

Foto av sykepleier i operasjonssal

Du søv djupt, anestesisjukepleiaren overvaker og medisinarar deg medan operatørane reparerer brotet i låret ditt.

 

 

 

Foto operasjon

For å kontrollere stilling på brotet og korrekt plassering av metallplata blir det brukt røntgen undervegs, alle må bruke røntgentette blyfrakkar.

 

 

 

Foto operasjon.

Operasjonssjukepleiar (t.v.) har flytta røntgenapparatet, ein C-bue, nærare. Operatørane held brotet på plass og kontrollerer med røntgen.

 

Foto operasjon.

Metallplata som skal festast på lårbeinet blir montert på ein guide (i handa til operatør) før innsetting. Guiden hjelper til med plassering av plate og skruar.

 

Foto operasjon.

Djup konsentrasjon under operasjonslampane når plata og brotet blir sett på plass.

 

Foto operasjon.

Tett samarbeid og diskusjon undervegs i operasjonen.

 

 

Foto operasjon.

Operatøren festar ein mellombels pinne som skal halde plata på riktig plass etter røntgenkontroll.

 

Foto operasjon.

Kirurgen ventar på fleire skruar som skal feste plata til beinet.

 

Foto operasjon.

Det er mykje utstyr og ulike delar som operasjonssjukepleiar skal ha kontroll over.

 

Foto operasjon.

Talet på kompressar blir kontrollert. Dersom ein manglar kan operatør enkelt sjekke om den er i operasjonssåret sidan den svarte tråden viser på røntgenbilete.

 

 

Foto operasjon.

Du er ferdig operert, og skal snart få vakne. Operatøren har reparert brotet ditt, det meste av arbeidskleda er våte av sveitte.


 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.