Bli med inn på ortopeden i Malawi

Då syklonen Idai herja i Malawi i mars reiv den eit tre over ein liten gut på 5 år. Armen hans blei riven i stykker og hang berre fast til kroppen i trådar av musklar, blodårer, nervar og litt hud. Då han endeleg kom fram til sjukehuset såg det mørkt ut. Ortoped Yngvar Krukhaug var den som tok imot han.

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har samarbeidd med Kamuzu Central Hospital (KCH) i Malawi sidan 2007. Trond Mohn og Grieg Foundation har gitt i overkant av 10 millionar kronar til innkjøp av kirurgisk utstyr til KCH. Det er kjøpt inn røntgenutstyr, kirurgisk verktøy, ortopediske implantat og kirurgiske instrument. Likevel er standarden ved det afrikanske sjukehuset milevis frå den her heime. ​

 Sjukehuskorridor i Malawi

Helse Bergen har samarbeidd med sjukehuset i Malawi sidan 2007.

Yngvar Krukhaug har arbeidd som ortoped i Bergen sidan 1999. Ein vårdag i 2019 set han seg på flyet til Malawi. For å bistå, og for å få erfaring. I Malawi blir han tatt imot av kollega Sven Young og kona Anne Berulvson som for 12 år sidan sette kursen i same retning, men som valde å aldri vende heim. Ildsjela Young har i ei tid vore oppteken med bygginga av eit nytt traumesjukehus, og Krukhaug skal avlaste på operasjonssalen. Kontrasten til forholda heime i Noreg gjer inntrykk på den erfarne legen.
- Når vi opererer bruker vi boremaskiner, og har ofte to og tre boremaskiner på ein operasjon. Dei har ein boremaskin på heile sjukehuset, fortel han.

Ortoped Yngvar Krukhaug opererer

Yngvar Krukhaug var frustrert over mangel på utstyr i operasjonssalen.

Brukt utstyr

Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har sendt mykje brukt utstyr til Malawi. Skruer og skinner som er operert ut av norske pasientar blir brukt på nytt til pasientane der. Å ikkje ha godt nok utstyr for handa fører til frustrasjon og improvisasjon i operasjonssalen.
- Skruen er ein centimeter for lang, men det er den eller ingen, seier Krukhaug.

Pasientane får god bedøving under operasjonane, men i etterkant får dei ikkje god smertelindring. Det ligg, ifølge Krukhaug, 40-50 nyopererte pasientar saman på sjukehusets terrasse og ettersom det ikkje er nok sjukepleiarar til å pleie dei, er dei heilt avhengige av familie for å bli stelt og få i seg mat.

Naturkatastrofe

Medan Krukhaug er i Malawi feiar syklonen Idai inn over landet. Uvêret tek, ifølge tal fra FN, livet av over 50 menneske og skadar i underkant av 600. Nokon av dei skadde havnar på ortopedens bord. Blant dei, ein 5 år gammal gut som står i fare for å miste armen sin.
- I forbindelse med syklonen hadde eit svært tre ramla oppå han. Overarmen var brekt, og beinpipene stakk ut to stadar. Heile armen hang berre og dingla i blodårer, nervar, musklar, og litt skinn. Familien hadde frakta han på trøsykkel, og haika, og dei hadde brukt ei veke for å kome til sjukehuset. Då dei kom var såret infisert og det såg frykteleg dårleg ut. Han var heilt lam i handa, fortel Krukhaug.

Eit tre har blåst ned og ligg over vegen.

Syklonen Idai gjorde stor skade i Malawi.

Vel vitande om at guten blir ein byrde for familien resten av livet om armen ikkje kan reddast, byrjar ortopeden å operere.
- Vi sat oss til og byrja å rense og pirke. Så fann vi ein nerve som låg i klem inne i beinfragmenta. Vi byrja å sy litt musklar fram og tilbake og så fekk vi til slutt sett det saman. Vi var veldig spente på korleis dette gjekk, men vi avslutta operasjonen og eg såg til han fjorten dagar etterpå. Då gjekk han og åt på ein kjærleik på pinne og han kunne lukke og halde handa. Han hadde problem med å strekkje fingrane, men han hadde fått mykje funksjon, såra var grodd, og det såg etter forholda kjempefint ut.

Ein nyoperert arm med skruer.

Guten fekk igjen funksjonen i armen etter operasjonen.

Store ringverknader

I løpet av dei fire vekene Krukhaug er i Malawi opererer han nær 50 pasientar, skadde av ras, hogd med machete, angripne av dyr, eller øydelagte i trafikken. Noko av det som gjer spesielt inntrykk på han er tålmodet til pasientane.
- Eg hadde ein pasient som hadde eit alvorleg stygt brot i albogen. Han kom kvar dag i nesten fire veker før han blei operert. Han gav ikkje opp, fastande kvar dag, og så blei han sendt heim på ettermiddagen, for det blei ikkje tid likevel. Kontrasten blir stor når du kjem frå verdas rikaste land til eit av verdas fattigste land, ein tenker at verda er jævlig urettferdig.

Eit venteværelse med fleire menneske sittande på benker.

Ventetida kan vere lang på Camuzu Central Hospital.

Krukhaug trur ikkje han gjorde nokon forskjell i det store bilete, men at operasjonane var av stor betydning for kvar enkelt pasient.
- Sei at ein mann på 25 år brekker lårbeinet. Utan behandling blir han ufør, det betyr at han blir ein byrde for familien, at nokon må fø på han, kan hende ungane hans må fø på han. Det betyr at dei ikkje får utdanning, og då raknar alt. Ringverknadene er veldig store. For dei som har nesten ingenting, er tap av litt ekstremt mykje, seier Krukhaug.

Kompetanseutvikling

Gjennom samarbeidet med HUS har KCH no blitt godkjent av COSECSA som utdanningsinstitusjon innan kirurgi/ortopedi, og nyleg vart dei eit offisielt universitetssjukehus. Under sitt arbeid i Malawi hadde Krukhaug følgje av legar som spesialiserer seg til ortopedar.
- Det er viktig å lære dei opp til å kunne tilby ordentleg behandling i framtida. Problemet er at når du utdannar spesialistar i eit av verdas fattigaste land, så kan dei reise til nesten kva land som helst i verda med  utdanninga si og få det betre. Det er ei utfordring å behalde dei.

Bilde av Yngvar Krukhaug og en lege under spesialisering

Yngvar Krukhaug og ein framtidig ortoped.

Drar gjerne til Malawi igjen

Den erfarne overlegen seier han har heva sin eigen kompetanse med erfaringane frå Malawi. Kompetanse som kjem pasientar i Noreg til gode.
- Pasientane der har gjerne gått med brot som har vore opne i tre til fire veker. Slikt såg vi der nede kvar dag, mens her ser vi sånne tilfelle kanskje ein gong i året. Du får erfaring som du kan bruke på dei sjeldne tilfella her heime.

Tilbake på arbeid ved Haukeland universitetssjukehus set Krukhaug mykje større pris på forholda og fasilitetane her, men han reiser gjerne til Malawi igjen.
- Eg ser ikkje at det er nokon andre som har betre anledning til å hjelpe enn vi.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.