Bli med inn i hjartet

I antrekk av bly og utstyrt med headset, gjennomførde invasiv kardiolog Anja Øksnes i september ein høgrisiko hjarteoperasjon, ein såkalla CTO, med ei forsamling av verdas fremste ekspertar i faget som tilskodarar.

Konferanse med bilde av Anja Øksnes på storskjerm.

Overlege Anja Øksnes er her direkte frå operasjonssalen i Glasgow. 

28. september 2019, verdas største kongress innan invasiv kardiologi (TCT) er i gang i San Fransisco. Publikum, som består av tilreisande kardiologar frå heile verda, skal følgje ein hjarteoperasjon som akkurat då skjer i Glasgow. Ved operasjonsbordet i Glasgow står 1. operatør Øksnes, som til vanleg arbeider som kardiolog ved Hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Kva gjer ein invasiv kardiolog?

Som invasiv kardiolog er Øksnes vand til alt frå behandling av akutte hjarteinfarkt, til behandling av pasientar med angina. Ho set ho inn nye hjarteklaffar gjennom pulsåra i lysken til eldre pasientar der open kirurgi er for farleg, reparerer hjarteklaffar gjennom lysken, pluggar hol i hjarta og legg inn pumper hos pasientar med akutt hjartesvikt.


Vegen til topps

1997; Øksnes er medisinarstudent på andre året. Far hennar vert ramma av eit hjarteinfarkt langs landevegen i Lindås i Nordhordland. Hjartet hans stansar og ambulansepersonell byrjar med gjenoppliving. I to timar arbeider dei med han før han blir køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Han er medvitslaus. På sjukehuset står legane klare med ei ny behandling. Dei opnar opp ei heilt tett kransåre ved hjelp av ein ballong og set inn ein stent. Øksnes sin far overlever, og denne hendinga pregar vegen hennar innan medisinfaget.

I studietida skriv ho ein forskingsrapport om prehospital hjartestans, om korleis det nyttar å gje hjartekompresjonar utanfor sjukehuset. Ved sida av studiane arbeider ho ved Hjarteavdelinga.
Etter endt studie får Anja tilbod om å fortsette i jobb der. Med tungt hjarte takkar ho nei til spesialiseringa i kardiologi og tøffe vakter, for som småbarnsmor føler ho at det er mest fornuftig. Ho fullfører heller ei spesialisering innan allmennmedisin. Men lidenskapen for hjartet bur i ho, og i 2009 løftar ho telefonen til øyret og ringer hjartespesialist og professor Eva Gertz ved Haukeland: - Hugsar du meg? 

Anja Øksnes heng i eit tre.

- Ein må tøre å pushe grensane for å bli god, seier overlege Anja Øksnes.

Ved Haukeland universitetssjukehus finn ein eit fagmiljø som er langt framme i verda på invasiv kardiologi. Gertz meinte Øksnes passa godt til dette.
- Eg byrja i den nye jobben og var selt etter ei veke, fortel Øksnes som sidan den gong har gjennomført tallause operasjonar ved sjukehuset i Bergen.
- Ein byrjar i det små, og så eskalerer nivået ettersom ein lærer ulike teknikkar, seier Øksnes.

Avanserte operasjonar

Ein av teknikkane Øksnes har spesialisert seg på er CTO (Chronic Total Occlusion). Ein måte å opne ei kransåre som har tetta seg over tid, ved å, veldig enkelt forklart, sno seg inn bakvegen med vaier. Ein slik operasjon kan i nokre tilfelle ta opptil fire timar. Då er Øksnes kledd i bly frå topp til tå med skjørt, vest, hals, briller og hue. Det er for å beskytte seg mot strålinga som krevst for å ha bilde av pasientens hjarte på skjermen. Det er fysisk krevjande arbeid, og for å klare dette trenr overlegen mykje. Ho spring, sym, syklar og går i fjellet.

– Eg syklar til og frå jobben kvar dag, 18 kilometer ein veg. Og eg rekk akkurat å springe opp på Ulriken og ned igjen til sjukehuset når eg har vakt. Eg er sterk, men merkar det statisk tunge arbeidet på rygg og nakke.

Trass i enormt mykje tid på jobb, travle vakter og store emosjonelle svingningar -  Øksnes er levande engasjert når ho fortel om kva ho driv med.
- Eg har ein jobb som eg er lidenskapeleg oppteken av, som eg er god i, og som i tillegg er svært meiningsfull. Eg føler meg privilegert, seier Øksnes.

 
 

Invitasjon frå utlandet

Øksnes har lyst til å bli best mogleg, og ho var derfor svært nøgd då ho i desember 2018 blei invitert til Seattle for å operere saman med verdas beste på feltet, William Lombardi. I samarbeid med Lombardi har Øksnes opparbeida seg operasjonsløyve i USA. To gonger har ho vore i Seattle, og kvar gong har ho blitt 15 CTO-operasjonar rikare. Ei erfaring som kjem godt med i arbeidet på Haukeland. 

Så kom forespurnaden frå TCT-konferansen i San Fransisco. Dei ville sjå ein operasjon utført med eit moderne utstyr kalla Shock Wawe, eit utstyr Øksnes er god på. Ho reiste til Glasgow som var åstad for operasjonen og hadde heile konferansen på øyret i headsettet då ho opererte. På den måten kunne konferansedeltakarane få spørje henne om ting undervegs i prosedyren. Ein slik diskusjon omkring operasjonen er svært nyttig og noko som ofte blir gjort i større eller mindre skala innan faget invasiv kardiologi. Opplevinga frå Glasgow kan mildt sagt kallast storskala. Øksnes er første nordmann som har utført ein slik operasjon direkte for ein stor internasjonal kongress. 

Storskjerm som viser operasjonsteam.

Anja Øksnes til høgre i bilete frå operasjonssalen medan ho opererer.

- Eg er taknemleg for at eg fekk denne moglegheita, og eg veit at dette på sikt kjem pasientane mine til gode. Kollegaer og leiinga på Hjarteavdelinga har støtta meg og hatt trua, og det følest bra. Det har vore både lærerikt og inspirerande, og det har boosta meg, seier Øksnes. 

Fann du det du leita etter?