Multifunksjonsrom
Multifunksjonsrom er rom som er utforma og utstyrt slik at fødekvinnene kan vere éin plass under heile sjukehusopphaldet utan å måtte flytte på seg slik dei må i dag. Dette vil gi tryggleik, nærleik, stabilitet og ro. Om fem år vil vi kunne tilby ei endå betre ramme for det vi kallar familiebasert føde- og barselomsorg.


Nyfødd intensiv
Modellen som skal brukast i det nye barne- og ungdomssjukehuset er basert på at nyfødde har eit grunnleggande behov for nærkontakt og omsorg frå foreldra, einerom med foreldresone. Utvikling av familiebasert omsorg for ikkje-friske nyfødde. Mor blir med barnet bort på nyfødd-intensiv og foreldrene kan vere til stades 24 timar i døgnet.
