Om nettstedet

Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta

​​​​​​​​​​​​​​helse-bergen.no
Vi lanserte nye nettsider i september 2016  

Alle våre avdelingar har eigne webkontakter og er ansvarlege for at innhaldet på si avdeling er oppdatert og fagleg rett.  

Løysinga nyttar den tekniske plattformen SharePoint 2013.

Alle helseføretaka i Helse Vest nyttar samme tekniske løysing som oss. I løpet av 2016 skal alle føretak i Noreg nytta samme løysing. 


Bilder på nettstaden​

Alle bilda vi nyttar på nettsidene våre er tatt med det føremålet at dei skal brukast på helse-bergen.no. Alle menneska som er avbilda har gitt sitt samtykke til det. 

Kommunikasjonsavdelinga eig alle bilda og ta gjerne kontakt med oss viss du ønskjer å nytte eitt av dei. Dei aller fleste bileta er tatt av tilsette ved Kommunikasjonsavdelinga, men vi bruker og nokre bilete frå eksterne fotografar​. Nokre bilder på nettstaden er og frå Colourbox. 


Nettsider på nynorsk

Kultur- og kyrkjedepartementet har vedtatt at helseføretaka fell inn under Lov om målbruk i offentleg teneste. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Haukeland universitetssjukehus har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, der i blant pasientar og pårørande, skal vere på nynorsk. Det gjeld også nettsidene våre. ​​

Kontaktinformasjon

​​​Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko angåande nettsidane våre​. Send ein e-post til info@helse-bergen.no

Ansvarleg redaktør

Kommunikasj​​onsdirektør Erik Vigander

Nettredaktør

Kommunikasjonsrådgiver Fredrik Lorentzen

Artikler

  • Informasjonskapsler

    Dette nettstedet benytter informasjonskapsler for å velge språk og samle inn statistikk. Informasjonskapsler kan spore internettbruken din, men vi lagrer aldri informasjon som kan identifisere deg personlig.

  • Personvern

    Personvern handler her om hvordan nettsiden samler inn og bruker informasjonen fra de som besøker nettstedet.